Sju dagar med språk – språkfestivalen i (og litt utanfor) Østfold

Høgskulen sin språkfestival - Sju dagar med språk - viste fram og feire eit stort mangfald av tema knytt til språk, litteratur og kultur i vår region. Festivalen var ein suksess og freistar til gjentaking. 

Ein mann og to barn arbeider med omsetjing av ei bok av Roald Dahl.

Omsetjing av Roald Dahl med Jan-Christopher Næss. Foto: Privat

I år dukka det plutseleg opp ein ny språkfestival i (og litt utanfor) Østfold - Sju dagar med språk. Festivalen vart laga i samband med Den europeiske språkdagen 26. september, og formålet var å vise fram og feire eit stort mangfald av tema knytt til språk, litteratur og kultur i vår region. Arrangementa fann stad mellom 17. og 25. september, og vart organisert av Nasjonalt senter for engelsk og framandspåk i opplæringa og Fakultet for lærarutdanningar og språk ved Høgskulen i Østfold.

– Det er viktig for oss å vise at språk er ein elementær nøkkel for å forstå andre og oss sjølv, seier Gerard Doetjes, som er leiar for Framandspråksenteret, og som hadde idéen til festivalen.

– Vi har vore opptatt av å skape rom for fagleg utveksling mellom kollegaer og samtidig formidla spennande fagkunnskap til alle østfoldingar, store som små, legg Martin Hollmann til, instituttleiar ved Institutt for språk, litteratur og kultur. Det å beherske framandspråk utover engelsk og ha god kulturkunnskap er viktig i den verda vi lever i, seier han. Det same gjeld litteratur, som spelar ei veldig viktig rolle, både i diskursar i samfunnet og i oppveksten til barna.

Dans og musikk

Festivalen starta med eit bokbad i samarbeid med Halden litteraturforening. Til musikk og dans, las forfattar Mariko Miyata-Jancy frå biletboka si «Mieko danser». Arrangementet fann stad i Halden bibliotek. Mieko, hovedpersonen i boka, elskar å danse, og då ho tar eit dansekurs, lærer ho at det ikkje spelar noko rolle om ein har kort eller langt hår, korleis ein kler seg, eller om ein er i gruppe med gutane. Det viktigaste er å stole på det ein kan og det ein er. Barna fekk sjølvsagt óg lov til å danse.

Forfattar Mariko Miyata-Jancy les frå og dansar til biletboka si Mieko danser. Foto: Privat

Kva skjer med språket når vi vandrar ut?

I ei opa fagsamtale med Gerard Doetjes delte Arnstein Hjelde, dosent i norsk språk, litt frå forskinga si om norsk arvespråk i Nord-Amerika. Kva skjer med språket vårt når vi vandrar ut? Korleis endrar språket seg når det vert arva frå generasjon til generasjon? Hjelde delte resultatar frå mange år med feltforsking i eit foredrag med ei rekkje fasinerande eksempel. Han fortalte om den gamle dama som fekk alzheimer og gløymde heile engelsken sin, medan det norske språket, som ho lærte først, var intakt. Han fortalte at det er kvardagslege ord som først vert bytt ut med engelsk. Og han fortalte at det gjerne er grammatikalske strukturar som overlever lengst.

– Det er viktig for oss å vise at språk er ein elementær nøkkel for å forstå andre og oss sjølv. 

Gerard Doetjes, leiar for Framandspråksenteret

Argentinsk filmklassiker

I framsyninga av den argentinske filmklassikeren «La historia official», som vart arrangert i samarbeid med høgskulen sin filmklubb «Gilda», fekk publikum dykke ned i ei tragisk historie frå tida med militærdiktatur. Filmen vart innleia av førsteamanuensane Wladimir Chávez og Fabián Mosenson, og fortel historia om eit par som har adoptert ei dotter. Mora er tru til det militære regimet og kjenner etter kvart at barnet kanskje vart teke vekk frå ein «forsvunnen» familie – altso frå eit ungt par som var blant dei flere tusen som vart drepne av regimet på grunn av den politiske holdninga si.

Nasjonalkulturen i Ukraina og «horror litterature»

Etter dette følgde fleire fagforedrag, denne gangen av to gjesteforskare frå H.S. Skovoroda nasjonale pedagogiske universitetet i Kharkiv, Ukraina, som var invitert til festivalen. I det første foredraget presenterte professor Liliia Kornilieva nokre hovudtrekk av den ukrainske nasjonalkulturen og ei rekkje typiske kunstnariske uttrykksformer. Ikkje minst vart det veldig tydeleg at Russland sin krig har utløyst ei bølgje av kulturelt medvite blant ukrainarar, som ikkje minst munnar ut i ein forsterka kunstnarisk produksjon, samt forsking på den. Kornilieva holdt óg eit foredrag om kunstløparen, sportskommentatoren og moteskaparen Johnny Weir og hans språklege og kunstnariske uttrykksformer. Førsteamnauensis Yaroslava Sazonova presenterte si forsking kring ukrainsk «horror literature» fra eit postkolonialt perspektiv, og var inne på korleis det vi er redde for ofte vert påverka av vårt kulturelle preg. Under (post-)koloniale vilkår er det då gjerne den koloniserande makta eller indre fiendar som vert utpeika som «monstera».

Professor Liliia Kornilieva fortel om hovudtrekk i den ukrainske nasjonalkulturen. Foto: Privat

Litterær reise til Algerie

På eit anna arrangement, i samarbeid med Halden litteraturforening og Halden bibliotek, vart publikum teke med på ei reise til Algerie. Hélène Celdran, førsteamanuensis i fransk ved HiØ, holdt eit engasjerende foredrag med tittelen «Algerie: Ei reise til landets historie og franskspråklege litteratur». Her fikk tilhøyrarane eit innblikk i Algerie si koloniale og postkoloniale historie, gjennom ei rekkje spennande franskspråklege forfatterskap og litterære smakebitar. 

Hélène Celdran tar tilhøyrarane med på ei litterær reise til Algerie. Foto: Privat

Ei grønare framtid

På campus Fredrikstad gikk det ein paneldebatt knytt til temaet «Green Futures» og korleis politisk kommunikasjon, litteratur og didaktikk mogeleggjer forestillingane våre om ei grønare framtid. Panelet bestod av Ellen-Marie Forsberg, leiar for NORSUS – Norsk institutt for bærekraftsforskning, som har tilhold ved HiØ i Fredrikstad, Karl Kristian Bambini, stipendiat ved HiØ, Melanie Duckworth, førsteamanuensis i engelsk litteratur, og Bryn Martinsen, rektor ved Halden Montessoriskule. Dei diskuterte korleis teknisk kunnskap og narrativ framstilling verkar saman, og korleis både dystopiar, utopiar og inspirerande historier i litteratur og didaktikk kan være med å aktivisere vår handlingskraft når det gjeld det grøne skiftet. Debatten vart leia av Martin Hollmann.

Paneldebatt om ei grønare framtid. Foto: Privat

Eksperiment i tysk litteratur

Erasmus+-prosjektet ConnEcTEd har forska på koherensen mellom ulike domener i utdanninga mot å bli framandspråklærar, og inviterte til ei samtale om undervisning i litteratur. Samtalen tok utgangspunkt i eit eksperiment, der Christian Janss, som underviser i tysk litteratur ved UiO, vart skygga av Gerard Doetjes, som på dette tidspunktet arbeida som didaktikar i framandspråk i lærarutdanninga ved UiO. Resultata frå eksperimentet viste at det er mogeleg å etablere fruktbare koblingar på eit litteraturfagleg og metodisk plan på tvers av lærarutdanninga. Samtalen førte oss inn på den store betydningen av undervisning i litteratur, både i skulen og i høgare utdanning.

Ein ny omsetjargenerasjon er fødd!

Alle kjenner Heksene til Roald Dahl. Nokre har kanskje lest boka på engelsk, andre den norske omsetjinga. Sju dagar med språk arrangerte saman med Camino bokhandel i Fredrikstad ein workshop med omsetjing for barn – jo, du les rett, barn! – mellom 8 og 12 år. I lag med den erfarne omsetjaren Jan-Christopher Næss løyste barna ei skikkeleg omsetjingsnøtt til norsk, der dei ikkje berre klarte å overføre innhaldet, men óg den så typiske stemninga i Roald Dahl sine verk. Ein ny omsetjargenerasjon er fødd!

- Det å beherske framandspråk utover engelsk og ha god kulturkunnskap er viktig i den verda vi lever i. 

Martin Hollmann, leiar for Institutt for språk, litteratur og kultur

Nasjonal Språkdagkonferanse

Språkfestivalen vart avslutta med Framandspråksenteret si årlege nasjonale språkdagkonferanse, som var lagt til Gardermoen. I alt 150 lærarar i engelsk og framandspråk møttest for å arbeide med det tverrfaglege temaet Folkehelse og livsmestring i språkfaga. Programmet bestod av innlegg frå forskarar frå inn- og utland og ein rekkje produktive workshopar, blant anna om mindfulness, pengar, songtekstar og fysisk aktivitet.

Freistar til gjentaking

Språkfestivalen var vellukka og freistar til gjentaking. Er du nysgjerrig på programmet til neste år? Det er vi óg! Ta gjerne kontakt med oss dersom du ruger på ein god idé til sju-åtte-ni dagar med språk i september 2024!

Emneord: Språkfestival, språk, litteratur, kultur, Den Europeiske språkdagen, Språkkonferanse Av Ola Goverud Andersson, Gerard Doetjes og Martin Hollmann
Publisert 11. okt. 2023 08:51 - Sist endret 16. jan. 2024 10:36