À quel animal penses-tu?

Nivå: A1+
Tema: Poser des questions en français
Tid: 60 min

Explication en français

Kort beskrivning

Målet med opplegget er å oppfordre elevane til å vere munnleg aktive ved å stille spørsmål på fransk om eit dyr. Dette er eit opplegg inspirert frå ei oppgåve frå Naturfagsenteret som er overført til fransk. Opplegget kan tilpassast fleire ulike tema.

Læringsmål

Elevene skal kunne:

  • trene munnleg ferdigheit og samtidig lære å forstå og bruke spørjeord ved å måtte stille spørsmål på fransk 
  •  gjere greie for lærestrategiane dei har brukt for å lære å stille spørsmål og utvide ordforrådet sitt

Kompetansemål i LK20

  • lytte til og forstå enkel og tydelig tale om personlige og dagligdagse emner
  • bruke enkle språklige strukturer, regler for uttale og rettskriving og språkets offisielle alfabet eller tegn for å kommunisere på en situasjonstilpasset måte
  • bruke relevante lærings- og kommunikasjonsstrategier, digitale ressurser og erfaringer fra tidligere språklæring i læringsprosessen

Ressursar

Førbuing

  • Læraren set seg inn i opplegget frå Naturfagsenteret og tek kopiar av det. I tillegg tek læraren kopiar av arket med spørsmåla på fransk (PDF).
  • Elevane bør kunne grunnleggjande strukturar som enkle setningar i presens, og dei bør ha eit visst ordforråd frå før. Elevane bør ha tilgang til ei ordbok eller eit digitalt omsetjingsprogram.

Plan for opplegget

  • Læraren går gjennom spørjeord og nokre døme på spørsmål (sjå lenkja under «Ressursar»).
  • Ein elev / ei elevgruppe vel eit dyr. Dei må ikkje røpe kva dyr dei har valt. Det bør vere noko som ikkje er for vanskeleg å gjette!
  • Elevane jobbar vidare på eiga hand, to og to eller i litt større grupper. Dei lagar og skriv fire–fem spørsmål kvar. Dei kan godt hjelpe kvarandre, og dei bør bruke anten ei tospråkleg ordbok eller ei elektronisk ordbok. Alle elevane i ei gruppe skriv alle spørsmåla, slik at alle kan stille dei munnleg. Dei flinkaste elevane, eller dei som blir ferdige først, kan lage fleire spørsmål. Også eleven/elevgruppa som har valt dyret, deltek i denne aktiviteten.
  • Læraren hjelper til med å førebu spørsmåla ved behov.
  • Elevane stiller spørsmål til eleven/elevgruppa som har valt dyret. Eleven/elevgruppa svarer berre med «oui» eller «non».
  • Læraren skriv 5–10 av spørsmåla som elevane har laga, på tavla.
  • Elevane kan få desse spørsmåla som lekse til neste time.
  • Læraren deler ut opplegget frå Naturfagsenteret og arket (PDF) med setningane på fransk 

Evaluering og vurdering

Det blir ikkje noka formell vurdering etter opplegget, men ein liten test (t.d. å lage 5–10 spørsmål skriftleg) der elevane kan vurdere kvarandre (i par) eller seg sjølve. Etterpå fortel elevane kva dei har lært, og kva strategiar dei har brukt, anten to og to eller i plenum.

Kommentarer

  • Elevane kan gjenta opplegget dei neste to–tre timane for å få flyt i både prosess og språk.
  • Opplegget kan òg knytast til dømes til ein plante, ein kjend person eller andre ting.
  • Når elevane er blitt flinkare til å stille spørsmål på fransk, kan opplegget bli snudd: Klassen veit svaret, men berre éin elev skal stille spørsmål. Denne eleven kan ha ein lapp på panna med namnet på dyret/planten/personen som berre dei andre elevane ser. Slik får den same eleven øve på å stille fleire spørsmål etter kvarandre på fransk.

Idé og utarbeiding

Ideen til opplegget kjem frå Naturfagsenteret og er tilarbeidd av Christiane Delord, © Fremmedspråksenteret

Emneord: Kommunikasjon F1, Språklæring og flerspråklighet F1
Publisert 15. des. 2019 13:21 - Sist endret 15. mai 2024 14:12