Luketekstar - å "lese" ord inn i ein samanheng

Til denne luketekstaktiviteten høver det best med kortare tekstar, og kanskje framfor alt lyriske tekstar. Gjennom lukene i teksten oppnår ein eit vekselvis fokus på ord- og tekstnivå. Når elevane vel ord, bringar dei noko av seg sjølve til teksten – rett nok meir “teknisk” enn ved til dømes tekstanalyse og leseoppleving. Sjølv om det finst ein slags fasit i originalteksten, vil ein oppleve at også andre ord kan passe. Ordvalet vil dessutan fortelje noko om elevane si forståing, og nye “litterære verk” vil kunne oppstå.

Dikt med rim gjer aktiviteten noko enklare, for då er ordutvalet avgrensa.

Publisert 15. sep. 2020 13:22 - Sist endret 15. sep. 2020 13:22