Quiz og bytt

Quiz-quiz og byt er ein aktiviserande spørsmålsaktivitet med ein vri. Spørsmåla kan gjelde ein tekst eller faglege problemstillingar eller leggje opp til forklaring av ord og omgrep. Ved lukka spørsmål kan ein eventuelt inkludere fasiten til hjelp for elevane. Elevane skal byte lappar etter kvar utspørjing og kan derfor oppleve å møte det same spørsmålet fleire gonger. Det er uproblematisk og styrkjer læringa.

Forslag til gjennomføring

  • Elevane får kvar sin lapp med eit spørsmål på • Elevane reiser seg og finner ein medelev

  • Elevane stiller spørsmålet sitt til kvarandre og svarer kvarandre. Dersom spørsmålet har ein fasit, kan elevane hjelpe kvarandre med utgangspunkt i denne

  • Når begge har stilt spørsmålet sitt, byter dei to elevane spørsmålslapp med kvarandre og finn ein ny quizpartnar
  • Aktiviteten varer til læraren meiner at mange nok har fått snakka med kvarandre
  • Eventuelt kan spørsmål og svar repeterast/ danne utgangspunkt for avsluttande diskusjon i plenum

Førebuingar

  • Førebu lappar med spørsmål. Det må vere like mange lappar som det er elevar i klassen
  • Dersom spørsmåla er av eit slikt slag at dei krev eit bestemt svar, kan fasiten leggjast til på lappane
Publisert 2. okt. 2020 08:16 - Sist endret 14. okt. 2020 07:20