Oppsøk orakelet!

Formålet med denne aktiviteten er kunnskapsdeling elevane imellom. Elevane byter på å vere orakel. Dei som skal vere orakel, må førebu seg ekstra på eit emne som dei munnleg skal presentere for dei andre. Resten av klassen lyttar og formulerer med eigne ord ny innsikt til medelevar. I motsetning til slik det er ved tradisjonelle framlegg, er alle elevane her i aksjon samtidig.

Forslag til gjennomføring

  • Læraren gir orakla oppdraga på førehand
  • Læraren deler klassen inn i grupper på 4 eller 5 etter kor mange orakel det er
  • Orakla forlèt gruppa si og spreier seg i klasserommet
  • Resten av gruppemedlemmene fordeler seg på orakla som ikkje høyrer til ei eiga gruppe
  • Orakla deler av kunnskapen sin. Tilhøyrarane lyttar og noterer
  • Når gruppemedlemmene har vore innom alle orakla, går dei og deira eige orakel tilbake til den opphavlege gruppa. Dei deler informasjon, samanliknar og diskuterer seg imellom

Førebuingar

  • Tenkje ut oppdrag til fire–fem elevar (orakel). Oppdraga kan gå ut på å gjere greie for eit prosjekt eller delar av eit prosjekt, forklare ei oppgåve eller fortelje frå utplassering på ein arbeidsplass eller frå ein ekskursjon e.l.
Publisert 2. okt. 2020 10:39 - Sist endret 14. okt. 2020 07:49