Elevane konkurrer mot kvarandre i grupper om å omsetje enkeltsetningar frå norsk til målspråket.
Tidsbruk
15–30 minutt
Forslag til gjennomføring
- Elevane deler seg i fire til seks grupper som får kvar sin startplass på ulike stader i klasserommet.
- Læraren hengjer eitt stort svarark per gruppe lengst mogleg unna startplassen. • Læraren seier ei setning på norsk.
- Gruppene skal diskutere setninga og sende éin representant for å skrive svaret på svararket.
- Læraren kontrollerer om svaret er rett. Dersom det er feil, må representanten springe tilbake til gruppa og diskutere vidare. Første gruppa til å skrive rett svar får eitt poeng.
- Alle elevane på gruppa må svare etter tur.