Eg pakkar kofferten min med … / Jeg pakker min koffert

Mange kjenner leiken «Eg pakkar kofferten min med …» Leiken eignar seg utmerkt til å repetere ord knytte til eit tema elevane har jobba med. De kan lett variere leiken ved å bruke andre setningar, til dømes «Heime hos meg har vi …» eller «I morgon skal eg kjøpe …».

Tidsbruk

10 - 15 minutt

Forslag til gjennomføring

  • Elevane går saman i grupper på fire eller fem. Kvar gruppe dannar ein ring.
  • Ein elev begynner med å seie startsetninga på målspråket: «Eg pakkar kofferten min med …». Eleven legg til ein ting som han eller ho har lyst til å ta med på reise.
  • Neste elev seier startsetninga og legg til eit nytt ord i tillegg til ordet som alt er nemnt.
  • Slik held leiken fram heilt til ein av elevane anten gløymer ein av tinga som skal vere med i kofferten, eller ikkje kjem på fleire ting. Gruppa skriv ned setninga og alle tinga dei ramsa opp. Deretter får eleven som stoppa setninga, lov til å starte på nytt.
  • Læraren avsluttar leiken i plenum. Kvar gruppe les opp den lengste setninga si. Gruppa med flest ting i kofferten vinn.

Tilpassing

Etter at ei setning er skriven ned, kan det vere eit krav at orda i denne setninga ikkje blir brukte på nytt i den nye setninga. Gruppene kan då konkurrere både om kven som har den lengste setninga, og kven som har flest setningar.

Publisert 27. jan. 2020 15:41 - Sist endret 11. des. 2020 07:40