Ordbokløp

Dette er ein konkurranseprega ordinnlæringsaktivitet for å øve på vanskelege ord og uttrykk. Elevane skal omsetje, hugse tydinga av og forklare orda til dei andre for å få poeng.

Tidsbruk

15 minutt

Forslag til gjennomføring

  • Læraren vel ut enkeltord, uttrykk eller frasar frå ein tekst som kan vere utfordrande for elevane å forstå.
  • Læraren skriv ned orda i ei liste på venstre side av tavla. Klassen blir delt inn i små grupper, og resten av tavla blir delt inn i så mange kolonnar som det er grupper i klassen.
  • Elevane skal samarbeide i gruppa for å finne ut kva orda betyr. Dei får tilgang til alle hjelpemiddel.
  • Når elevane i gruppa har forstått eit ord, spring ein av dei fram til tavla, set ein strek over ordet i lista til venstre og skriv ned ordet i kolonnen til gruppa.
  • Når det er sett strek over eit ord i lista, kan det ikkje brukast av ei anna gruppe.
  • Elevane held fram heilt til alle orda i lista er streka over og skrivne inn i kolonnane.
  • Læraren ber kvar gruppe om å omsetje og forklare orda dei har skrive inn i kolonnen, for resten av klassen. Dersom dei hugsar kva eit ord betyr, får dei eit poeng. Dersom dei har gløymt kva eit ord betyr, får dei eit minuspoeng.
  • Læraren går gjennom alle orda, og gruppa med flest poeng vinn.
Publisert 10. des. 2020 16:28 - Sist endret 15. des. 2020 14:31