Rundt og rundt

Her går det fort i svingane, så det er berre å hengje seg på! Elevane repeterer tal i plenum.

En liten gruppe elever står i sirkel og repeterer tall

Tidsbruk

5 minutt

Forslag til gjennomføring

  • Elevane står i ring i klassen.
  • Ein elev startar med å seie talet 2. Neste elev seier talet 4, osb. Når togongen er ferdig, held neste elev fram med tregongen, osb.
  • Dersom ein elev ikkje spontant kjem på neste tal, byter ringen retning.
  • Aktiviteten tek slutt når ringen har komme til talet 100, dvs. når tigongen er ferdig.
  • Det er enkelt å variere aktiviteten. Ein kan telje opp og ned til eit visst tal, leggje saman tal, osb.
Publisert 27. jan. 2020 15:56 - Sist endret 6. jan. 2021 08:46