Quiz og bytt

Ein aktivitet der elevane minglar og har quizleik i klasserommet.

Tidsbruk

30 minutter

Forslag til gjennomføring

  • Klassen og læraren blir einige om eit bestemt tema eller emne i grammatikken. Klassen har ei idémyldring og foreslår gode spørsmål. Læraren skriv forslaga på tavla. Basert på idémyldringa skriv elevane ned sine eigne spørsmål, gjerne med svar, på ein lapp.
  • Deretter reiser dei seg og finn ein partnar. Elev A stiller spørsmålet sitt til elev B, og elev B svarer. Så stiller elev B spørsmålet sitt til elev A.
  • Når begge har stilt spørsmålet sitt og svart, byter dei lapp og finn ein ny quizpartnar. (Sidan elevane byter lappar, kan dei få det same spørsmålet fleire gonger. Dette er heilt uproblematisk og bidreg berre til å styrkje læringa.)
  • Aktiviteten er ferdig når alle har snakka med kvarandre, eller når alle har snakka med eit bestemt tal på medelevar.

Tilpassing

Ein kan leggje til eit konkurranseelement, til dømes slik: Kven klarer å spørje flest? Kven er den første til å snakke med alle?
Læraren kan òg forberede lapper med relevante ord eller faste uttrykk for å forsikre seg om at kvar elev får ulike spørsmål. Lappane kan òg inneholde fasit slik at elevane kan hjelpe kvarandre. MAL (pdf)

Publisert 28. jan. 2020 09:11 - Sist endret 15. des. 2020 15:31