Dei unike orda/De unike ordene

Elevane konkurrerer om å skrive ned så mange unike ord som mogleg knytte til eit kjent tema.

To lapper med ord hvor noen ord er krysset av

Tidsbruk

15 minutt

Forslag til gjennomføring

  • Læraren skriv eit tema klassen er kjend med, på tavla.
  • Elevane blir delte inn i små grupper.
  • Kvar gruppe skriv ned så mange unike ord som mogleg, det vil seie ord som dei trur at dei andre gruppene ikkje kjem til å skrive ned. Orda skal vere knytte til temaet, og det er ikkje lov å skrive ulike former av det same ordet. Læraren gir nokre døme på ord som ikkje tel som unike ord, til dømes bil og bilar og køyre, køyrde, køyrt. Elevane får fem minutt på seg.
  • Ei av gruppene begynner med å lese ordet øvst på lista si. Dersom nokon av dei andre gruppene òg har dette ordet på lista si, roper dei «Stopp!». Alle gruppene som har dette ordet, må stryke det frå lista.
  • Turen går vidare til neste gruppe, som les opp frå si liste. Dei andre gruppene følgjer med og roper «Stopp!» dersom dei har det same ordet på lista.
  • Når alle orda er lesne opp og gruppene har stroke over orda som dei ikkje var åleine om å ha på lista, kan vinnaren kårast: Gruppa som har flest unike ord, vinn.

Tilpassing

Aktiviteten kan òg gjennomførast med motsette reglar, altså at gruppene skriv ned alle orda dei trur dei andre gruppene skriv ned. Gruppene får poeng dersom alle andre grupper har det same ordet. Gruppene kan skrive så mange ord dei vil.

Publisert 27. jan. 2020 14:54 - Sist endret 10. des. 2020 15:47