Magisk kvadrat

Fyll ut det magiske ordkvadratet! Summen blir alltid 34, same kva rad, spalte eller diagonal du vel. Berre prøv!

ruter med tall og piler mellom rutene

Tidsbruk

10 minutt

Du treng

Mal: bilete (pdf)

Forslag til gjennomføring

  • Læraren vel 16 gloser og finn passande bilete. Bileta blir kopierte over til rutene nedst i MALEN, og kvart bilete får eit tal mellom 1 og 16. I tabellen øvst skriv ein orda på målspråket. Hugs å skrive rett ord i rett rute! Sjå døme (pdf).
  • Elevane jobbar individuelt eller i par. Oppgåva går ut på å kople kvart bilete til rett ord på målspråket. Elevane skriv bilettalet i ruta med det passande ordet.
  • Når tabellen er ferdig utfylt, kan elevane sjølve sjekke om dei har svart rett: Summen for kvar rad, spalte og diagonal skal vere 34.
  • Ein variant av talkvadratet er biletkvadratet. Finn eit (firkanta) bilete, klipp det opp i 16 lappar og skriv ord (på norsk) på baksida. Elevane får lappane med baksida opp og må plassere dei på rett ord (på målspråket) i tabellen. Når dei er ferdige, snur dei lappane. Er biletet perfekt, var alt rett.

Høyere nivå

Fagleg sterke elevar kan få ei ekstra utfordring ved at læraren ikkje skriv ord på målspråket, men setningar med hòl i rutene. Elevane må kople bileta med hòla.

Publisert 28. jan. 2020 10:19 - Sist endret 6. jan. 2021 08:17