Storyline

Fremmedspråk og engelsk - Storyline from Fremmedspråksenteret on Vimeo.

  • Lærar: Ulrikke Smith
  • Skole: Ringstabekk skole, Bærum
  • Lengde: 36.33 min
  • Last ned infoark

I denne filmen får vi sjå korleis storyline vert brukt i begynnaropplæringa i tysk på 8. trinn. Kort forklart er storyline ei temaforteljing som elevane og læraren skapar saman. Dei sentrale elementa er tid, stad og personar. Læraren har valt rammene for forteljinga og bestemt tid og stad, medan elevane gjev liv til forteljinga gjennom personane dei lagar.

Forteljinga vert driven fram av nøkkelspørsmål. Nøkkelspørsmål er alltid opne i forma, dei lèt elevane vere aktive og ta i bruk førehandskunnskapen sin. Samarbeid og diskusjon er viktige sider ved storyline. Difor er elevane organiserte i grupper på fire.

Denne storylinen byrjar med at elevane og læraren etablerer staden der storylinen skal føregå, ein tenkt by i delstaten Baden-Württemberg. Det første nøkkelspørsmålet er: Kva skal byen vår heite? Elevane stemmer over kva namn byen og gatene skal ha. Gatenamna skriv dei inn på eit stort, tomt bykart som læraren har laga på førehand. Dette kartet (frisa) er med på å konkretisere konteksten og visualisere temaet som elevane arbeider med.

 

Det neste nøkkelspørsmålet er: Kven bur i gata vår? Kvar gruppe lagar ein familie på fire personar. Elevane klipper ut og teiknar modellar av personane sine, gjev personane namn, alder, yrke, interesser. Til sist presenterer kvar gruppe familiane sine for kvarandre.

Etter å ha presentert familiane teiknar gruppene huset der familien deira skal bu. Både i denne og i den førre økta lagar elevane ordbankar med dei tyske orda dei treng å kunne.

Til nøkkelspørsmålet «Kva gjer personen din i løpet av ein dag?», øver elevane inn ein frase med ei bestemt ordstilling, «Um 8 Uhr … ich ….» osb, som dei bruker for å skildre gjeremåla til personen sin i løpet av ein dag. Deretter lagar elevane eit rollespel til spørsmålet «Kva snakkar vi om ved frukostbordet?».

I neste storylinetime dukkar det brått opp ein forvirra turist som treng hjelp til å finne fram i byen. Turisten er læraren-i-rolle. Dette er innleiinga til eit rollespel der Kleinstadt-innbyggjarane må forklara vegen til turistar med utgangspunkt i kartet over Kleinstadt.

I det siste nøkkelspørsmålet, «Korleis feirar vi karneval i Kleinstadt», foreslår elevane korleis karnevalet i byen skal feirast. Det vert opptog, mat og kos.

Til slutt evaluerer elevane arbeidet med storylinen. Kva har vi lært? Kva likte vi ved denne arbeidsmåten? Kva kunne vore gjort annleis?

Spørsmål til diskusjon

  • Kva for språklege aktivitetar fann stad i dette storylineforløpet?
  • Korleis kan ein metode som storyline bidra til språklæring i framandspråkundervisninga?
  • Kva slag type storylineforløp kunne du tenkje deg å gjennomføre med dine elevar?

Ressursar

 

  • «Wer bin ich? Undervisningsdifferentiering med storylinemetoden på tysk» av Annette Carsing, Sproglæreren 1/2006
  • Kristine Høeg Karlsen, Margaretha Häggström (eds.) Teaching through Stories Renewing the Scottish Storyline Approach in Teacher Education 2020 (444 pages). ISBN 978-3-8309-3986-3, e-book-ISBN 978-3-8309-8386-8. doi: https://doi.org/10.31244/9783830989868

  • Brandford, V. (2006). Use of Storylines to develop reading and writing skills in the modern foreign language i N. Pachler  A Practical Guide to Teaching Modern Foreign Languages in the Secondary School (1. Utg., s. 67-75).  Routledge. https://doi.org/10.4324/9780203968017

  • Falkenberg, Cecilie og Erik Håkonsson (2001): Storylinebogen. En håndbog for undervisere. Kroghs Forlag
  • International facebook Scottish-Storyline
  • Norsk Facebook Storylineforum  

 

Publisert 31. jan. 2020 12:48 - Sist endret 16. des. 2020 08:54