Framandspråksenteret på europeisk nettverksmøte i Glasgow

Den 1. og 2. september deltok leiar for Framandspråksenteret, R. Steinar Nybøle, og leiar for framandspråkseksjonen, Natali Seguí Schimpke, på den årlege samlinga til det europeiske nettverket INNLAC som denne gongen vert arrangert i Glasgow av SCILT (Scotland's National Centre for Languages).

logo med bokstavene scilt

INNLAC representerer den frivillige samanslåinga av nasjonale institusjonar som har ansvaret for å implementera relevante aspekt av nasjonal språkpolitikk. Målet med INNLAC-samlingene er å oppdatera kvarandre ved å dela informasjon gjennom kvar sin country rapport, gi kvarandre profesjonell trygd og foreslå samarbeidsområde som kan tilføra verdi til INNLAC-nettverket.

Denne internasjonale innsatsen er ein viktig del av Framandspråksenteret sitt mandat der det blir spesifisert at senteret skal «vera rådgivar for nasjonale utdanningsmyndar innanfor framandspråk». Å læra om erfaringane i andre land er derfor svært viktig.

Nokre av dei temaa som vart diskuterte i år var viktigheita av fleirspråklegheit i eit mangespråkleg samfunn. I Europa vel no fleire bort framandspråk, noko som kanskje er grunna auken av engelsk som lingua franca. 

Nettverksmedlemmene diskuterte òg korleis vi på europeisk nivå kan bistå skular til å auka språkmedvit og motivera til nyare læringsstrukturar og metodar.

INNLAC-medlemmer vart samde om å spesielt bistå kvarandre på følgjande punkt: 

  • bruk av tilsette frå medlemsnettverket ved konferansar, webinarer, podcats m.m.
  • lenke til ressursane kvarandres der det er relevant 
  • arbeide for ein felles språkpolitikk og ein felles bruk av terminologi på tvers av språk, jamfør Rekommandasjon CM/Rek(2022)1 frå Europarådet sin ministerkomité til medlemslanda.

Dette understrekar viktigheita av at Framandspråksenteret òg skal arbeida for å ha eit sterkt internasjonalt engasjement og for å delta aktivt i europeiske avgjerder knytt til språkpolitikk.

Publisert 28. okt. 2022 13:54 - Sist endret 13. okt. 2026 10:31