Under besøket ved senteret vart Florence Robine, ambassadør, Sophie Delporte, direktør av Institut Français i Oslo, og Catherine Pétillon, språk- og utdanningsattaché informert om arbeidet vi gjer lokalt, nasjonalt og internasjonalt for å styrka fremmedspråk og mellom anna franskfaget.
Besøket gav òg ambassadøren høve til å bli betre kjent med franskmiljøet ved HiØ, og studiar, nettbasert undervisning og forsking knytt til fransk ved Institutt for språk, litteratur og kultur.