Stort engasjement då studentar og elevar utforska den Digitale Læringsverkstaden ved HIØ

Eit utforskande undervisningsopplegg i den Digitale Læringsverkstaden, med bruk av mellom anna podcast, Lego-spike, Spheri Indi og BitBot, skapte stor stemning og trakk til seg fleire tilskodarar ved Fakultet for lærarutdanninger og språk.

4 elevar sit på golvet og ser på ein legobil dei har laga og programmert til å køyre. Bilen vert styrt frå eit nettbrett.

Elevane programmerar Lego-spike. Foto: Aasborg Marie Christiansen.

Måndag 21. november møtte 12 studenter på tredje året i grunnskulelærarutdanninga opp til ein litt annleis dag med undervisning i pedagogikk. Saman med to klassar med nysgjerrige elever frå Haugeåsen ungdomsskule utforska dei moglegheitene på den Digitale Læringsverkstaden, med hjelp av eit utforskande undervisningsopplegget. 

Det utforskande undervisningsopplegget har kome frå ein idé av Matthias Solgaard Høye, som er lærar ved Haugeåsen ungdomsskule. Idéen har blitt utvikla og utforma til eit undervisningsopplegg av Høye og fagtilsette ved fagmiljøet for pedagogikk på grunnskulelærerutdanninga. Ole Andreas Wang frå høgskulen og studentassistent Thomas Olsen bidrog sterkt med teknisk støtte og engasjement for utforskinga.

Engasjerande og nyttig opplegg

Studentar og elevar er i ein gong og følgjer med på kuler som flyttar seg på golvet.
Elevar og studentar utforskar SpheroBolt i Gongen. Foto: Asborg Marie Christiansen.

Elevane og studentane vart engasjerte og aktiviteten fanga óg interessa til fleire, då mellom anna leiarar og andre GLU-studentar fann vegen til verkstaden.

– Det verka som at elevane storkoste seg i podkast-studioet. Der snakka vi om alt frå fotball-VM i Qatar til andre verdskrigen, rapporterte Ann Iren Kvam, som studerer til å bli lærar for 5. til 10. trinn.

 

 

 

"Det var kjekt å lære saman med elevane. Spesielt var det fint å sjå at elevane forklarte ting til kvarandre då dei fann ut noko nytt. Og for oss var det flott å kunne vere litt i «lærarrolla» også utanfor praksis", påpeikar tredjeårsstudent Marie-Kristin Mendes Syverstad.

Utløyste skaparglede og utforskartrong

Studentane hadde meldt si interesse til eit undervisningsopplegg der dei fekk høve til å utforska moglegheitene til teknologien i klasserommet – saman med to klassar frå lærarutdanningsskulen Haugeåsen ungdomsskule, der Høye og kollegaen hans Åsa Torstensson er kontaktlærarar. Både Høye og Torstensson jobbar i kombinerte stillingar ved høgskulen, som eit ledd i å kopla høgskulen og skulane tettare saman.

- Formålet med besøket er for elevane sin del å få utforska og vera nysgjerrige på moglegheitene knytt til bruk av ulik teknologi, og leggja til rette for at dei skal sjå ein overføringsverdi til eige arbeid i skulen, eller vekkja ei nysgjerrigheit til å vilja utforska noko vidare, fortel Høye.

På bilete ser vi to elevar bakifrå, som ser på ein bærbar PC.
Elevar som programmerer. Foto: Asborg Marie Christiansen.

Studentane og elevane fekk testa mellom anna Spheri Indi, BitBot, SpheroBolt og Lego-spike. Som eit ledd henta frå den overordna delen av læreplanen, hadde undervisninga som mål å utløysa skaparglede og utforskartrong. 

- Vi er jo alle her for å bli lærarar, så det å oppleva å læra noko nytt saman med elevar, og dessutan å lære noko av elevane var nyttig å erfare, meiner student Asborg Marie Christiansen, som er student på grunnskulelærarutdanninga for 1.-7. trinn.

"Dette er ei moglegheit for studentane til å leia ein utforskande prosess der ein ikkje nødvendigvis er ein kompetent bruker av teknologien sjølv", seier Høye som gler seg til å vidareutvikla undervisningsopplegget.

Emneord: Lego-spike, podcast, SpheroBolt, Speri Indi, BitBot, utforskande undervisningsopplegg, utforskende undervisningsopplegg, digitalt læringsverkstad, digitalt læringsverksted Av Cecilie Olandersson
Publisert 29. nov. 2022 14:41 - Sist endret 29. nov. 2022 14:42