English version of this page

index.html

Om fakultetet

Fakultet for lærerutdanninger og språk har ca. 200 tilsette og ca. 2 300 studentar, og ligg på studiestaden til høgskulen på Remmen utanfor Halden. Studieportefølja til fakultetet inneheld lærarprofesjonsutdanningar retta mot barnehage, grunnskule og vidaregåande skule, og i tillegg eit rikt utval av årsstudium, vidareutdanningar og masterstudium retta mot språkfag og lærarutdanningar. Fakultetet har det største tilbodet i landet av studium i engelsk, fransk, tysk og spansk, og har Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa knytt til seg. Fakultetet er også ein pionér på profesjonsfagleg digital kompetanse i lærarutdanningane.

Forskinga til fakultetet famnar breitt innafor språk og lærarutdanningar. Fagmiljøa til fakultetet representerer heile satsingsområdet Språk i opplæringa til høgskulen, og utgjer en vesentleg del av dei tverrfaglege satsingsområda Det digitale samfunnet og CHANGE - inkludering av barn og unge.

Organisasjon mm

Her kan du lese meir om korleis fakultetet er organisert, om leiinga, styret og ulike råd og utval. Du finn óg møteplanen til fakultetet og anna nyttig informasjon.

Strategi 2023-2030 for Fakultet for lærarutdanningar og språk

Les strategien her