I prosjektet Kunnskapsmegling i likeverdige partnar- og profesjonsfellesskap (KuPP) har deltakarane i prosjektet forska på kunnskapsutviklingsprosessar i partnarskap mellom barnehagar, skular og universitet/høgskule. Dette har resultert i ein antologi som beskriv barnehage- og skuleutvikling på tvers av institusjonar og peikar på dei skulepolitiske trendane og føringane som ligg til grunn for denne typen samarbeid. Dei ulike kapitla klargjer partnarskapet frå ulike perspektiv hos aktørar frå barnehage, grunnskule, vidaregåande skule og universitets- og høgskulesektoren.
Boka består av vitskaplege kapittel, men inneheld også meir personlege tekstar som reflekterer korleis dei ulike aktørane opplever samarbeidet, og kva dei tenkjer om lærings- og utviklingspotensialet i det. Fredag 6. desember var det lansering av boka på Campus Halden og mange av bidragsytarane formidla frå prosjekta sine.
Redaktørane for boka er Hilde Sofie Fjeld, Sigrun Staal og Magnar Ødegård.
Les meir om KuPP-prosjektet her: Kunnskapsmekling i likeverdige partnar- og profesjonsfellesskap (KuPP)
Boka finn du her: Å lære i fellesskap (Universitetsforlaget.no)