English version of this page

Per Sjuspring - Ein kulturell brubyggjar?

Gjennom et besøk til Moi University i Kenya, finansert av ERASMUS+ Global, har HiØ-ansatte styrket både utvekslingsmuligheter og forskningssamarbeid.

Bildet viser skiltet til Moi University.

Velkommen til Moi University. Foto: Gunhild Brænne Bjørnstad

Det store seminarrommet myldrar av menneske som ligg, sit, står i ein sirkel. Alle ler medan dei set det eine kneet etter det andre i golvet og prøver å synge med til den tradisjonelle norske barneleiken Per Sjuspring.

Men ingen av dei snakkar norsk.

Vi er tre tilsette ved Høgskolen i Østfold (HiØ) på besøk på Moi University i Kenya. Men stipend frå Erasmus+ Global har vi fått høve til å undervise lærarstudentar i sitt tredje studieår frå emnet English Language and Literature. Tidlegare har vi hatt fire kenyanske studentar ved HiØ i seks månader og tre tilsette frå Moi University på mobilitetsbesøk. Samarbeidet med Moi University er ein viktig del av arbeidet med kvalitet i internasjonaliseringsarbeidet ved HiØ.

Betydninga av å dela tankar om kultur

Bildet viser to flaggstenger med flagg.
Vakker campus på Moi University. Foto: Gunhild Brænne Bjørnstad

Som ein del av programmet skulle vi halde forelesingar ved vertsinstitusjonen. Vi vart tildelte tre grupper med studentar som på førehand hadde stilt oss nokre spørsmål dei ønska svar på. Vi oppdaga fort at både norsk skulesystem og kultur er sentrale tema. Som ei tverrfagleg gruppe med representantar frå kroppsøving, drama og pedagogikk, ønska vi at forelesinga vår skal ha mykje studentaktivitet. Vi tok i bruk eigne tradisjonelle kulturelle uttrykksformer som Per Sjuspring - og fekk tilbake eit mylder av uttrykksformer frå dei mange stammane i Kenya; alt frå barnesongar frå Kalenjin-stammen til forteljingar om krigarar frå Luo-stammen. Studentane var svært stolte av å vise fram kulturen sin, og ikkje minst språket sitt, sjølv om stammespråka er forbodne å bruke i skulen i Kenya. Studentane reflekterer likevel over kor viktige desse språka er for deira eigen identitet og tilhøyrsle. Vidare underviste vi om ulike forståingar av kultur og korleis kulturar endrar seg. Dette skapte stort engasjement og undring, men også forståing for at vi lever ulikt, og har ulike verdiar i samfunna våre. Størst merksemd fekk diskusjonane rundt homofili, og korleis dette er i samsvar med tru.

Biletet viser fire studenter som står framfor ein presentasjon på veggen.
Utvekslingsstudentane deler sine erfaringar frå Noreg. Foto: Gunhild Brænne Bjørnstad

Studentane som hadde vore på utvekslingsopphald i Noreg bidrog med erfaringane sine. Deira møte med norsk kultur skapte eit nyansert og spennande bilete av kva Noreg er. Det som hadde gjort størst inntrykk var det dei omtalte som fråværet av sosiale klassar og respekten mellom menneske, til dømes det at dei kunne vinke til Kongefamilien på 17. mai. Men dei hadde óg opplevd at ikkje alle nordmenn snakkar engelsk, og dermed ikkje kunne kommunisere med dei so lett. Det største sjokket var likevel kulda og mørket.

Styrka forskingssamarbeid

Opphaldet ved Moi University var prega av lange dagar. Først undervisning, so gjerne eit formelt besøk hos ein i leiinga, før vi var tilbake i undervisning. Vi fekk servert store måltid med lokale delikatesser saman med resten av personalet, før vi dykka inn i forskingsintervju til eit større prosjekt vi samarbeider om. Gjennom stipenda frå Erasmus+ Global får vi høve til å både erfare nye undervisningskontekstar, men samtidig vidareutvikle prosjekt vi har starta tidlegare. Forsking er å utvikle og dele kunnskap. Når vi gjennom slike opphald kan kombinera desse to elementa, er utbytte stort. Med god hjelp frå lokale kollegaer kunne vi både samla data og tenkja vidare i forskingsprosjektet vårt. Óg vi som kollegaer frå HiØ fekk høve til å diskutere dagens datainnsamling umiddelbart etterpå, noko som gjev oss forsprang i forskinga og dei kommande analysane.

Framtidsretta samarbeid

Eit viktig utbytte av slike mobilitetsopphald er korleis opphaldet legg til rette for å dele idear og knyta nettverk. Det å ha tid og rom til å diskutere med kollegaer som ein gjennom ei årrekkje har utvikla både profesjonelt fellesskap og vennskap med, er heilt sentralt for å kunne utarbeide godt forankra forskingsprosjekt.

Samarbeidet vårt med kollegaer ved Moi University byrjar no å legge til rette for større nettverk og prosjekt som involverer fleire institusjonar. 

Og når det gjeld studentutveksling vil det vere lettare å oppmode eigne studentar til å velja denne institusjonen etter at ein har vore der. Tryggleiken på at studentane våre blir tatt godt vare på og vissa om at fleire sjølv har opplevd å vere ny i ein kultur, gjer at ei slik reise er lettare å tilrå. Sjølv om ein reiser langt er ikkje verda so stor.

Biletet viser 6 personar som står framfor eit hus.
Lukkeleg gjenforeining. Frå venstre: Gloria Chepkosgei, Claudia Korir, Gloria Akola, Kari Spernes, Kevin Rono, Gunhild Brænne Bjørnstad. Foto: Privat

Tekst av:

Les meir:

Emneord: Per Sjuspring, Intercultural Mobility, Nordic Citizenship Education, brubyggjar, brobygger, utveksling, studentutveksling, mobilitet, Erasmus Av Gunhild Brænne Bjørnstad, Kari Spernes og Kjersti Berggraf Jacobsen
Publisert 19. des. 2022 12:36 - Sist endret 19. des. 2022 12:36