Hvorfor valgte du å studere Grunnskolelærerutdanning for trinn 5-10 ved Høgskolen i Østfold?
— Eg valde å ta det femårige studiet med engelsk som masterfag fordi eg alltid har hatt stor interesse for engelskfaget, heilt sidan ungdomsskulen og vidaregåande. I tillegg er engelsk eit internasjonalt språk som gir gode moglegheiter for å jobbe i utlandet.
Sjølv om norskfaget står sterkt i Noreg, er engelsk eit svært relevant fag, spesielt for dei som er interessert I litteratur, kultur og globale perspektiv. I tillegg til den aukande interessa for engelsk litteratur, til dømes gjennom den pågåande trenden "BookTok", der engelsk litteratur blir promotert på sosiale media. Faget er globalt og omfattar veldig mykje av politikk, litteratur og kunnskapen om dei mange andre engelske språklege land, samt land der engelsk er eit offisielt andrespråk.
I tillegg er grunnen til at eg valde å studere på Høgskolen i Østfold at det er nært heime. Det gjer overgangen til studentlivet enklare og lettare å bli kjent med mange nye menneske i eit inkluderande studiemiljø, noko eg synest er veldig positivt.
Hvordan vil du beskrive Grunnskolelærerutdanning for trinn 5-10?
— Studiet er rikt på læringsinnhald, med teoretiske førelesningar som er tett knytte til praksisperiodane, altså beste kombinasjon av teori og praksis gjennom studieløpet. Ein stor fordel er den tette oppfølginga frå førelesarane, som kjenner deg og følgje deg opp på ein annan måte enn ved større universitet.
Sosialt er studiet svært godt lagt opp. Studentane blir delte inn i faggrupper tidleg i studieløpet, noko som gjer det lettare å bli kjent med medstudentar. Eg opplevde raskt å få gode venner, mykje fordi vi deler ei felles interesse og eit sterkt engasjement for læraryrket.
Eg likar godt at studiet er både sosialt og lærerikt, med mykje gruppearbeid og at man også har moglegheit til å jobbe individuelt. I tillegg til å fordjupe seg i faget ein brenn for å undervise i. Samt, vil eg trekkje fram utveksling som ein stor fordel.
På hvilken måte tenker du at utdanningen vil være verdifull i din yrkespraksis?
— Utdanninga gir meg mange ulike verktøy som eg kan bruke i klasserommet. Med grunnskolelærarutdanning 5-10 kan eg undervise både på mellomtrinnet og primært på ungdomsskulen; og med at lærarutdanning er ein mastergrad, kan eg også vere kvalifisert til å jobbe som faglærar, til dømes i vidaregåande skule.
Hva liker du best med studiet?
— Eg likar godt at studiet er både sosialt og lærerikt, med mykje gruppearbeid og at man også har moglegheit til å jobbe individuelt. I tillegg til å fordjupe seg i faget ein brenn for å undervise i. Samt, vil eg trekkje fram utveksling som ein stor fordel. Eg reiste sjølv på utveksling til Irland i tredje studieår, og det er noko av det beste valet eg har gjort. Høgskolen har dessutan mange samarbeidsavtalar med institusjonar i utlandet og at ein har godt oppfølging frå internasjonalkontoret under opphaldet i utlandet.
Hvordan opplever du studentmiljøet?
— Halden som studentby er både vakker og praktisk, til dømes med nærleik til grensa. Studentmiljøet er variert og inkluderande. Studentsamfunnet tilbyr mellom anna volleyball, brettspelkveldar og ulike aktivitetar på tvers av studium. Også har du studentparlamentet, der dei arbeider aktivt for å betre studentmiljøet og skape meir engasjement blant studentane. I tillegg, som lærarstudent, har du organisasjonen Lærarstudentane (tidlegare Pedagogstudentane) i Utdanningsforbundet, som arrangerer sosial kveld eller er på stand i Vrimle.
Har du noen tips og råd til andre som vurderer å ta studiet?
— Ver open og prøv å gå litt ut av komfortsona for å bli kjent med nye menneske, òg utanfor ditt eigne studium. Dersom du er usikker på fagval, vil eg anbefale å prøve det ut eller snakke med ein studieveileder eller faglærar for å få betre innsikt.
Finn ein studiestrategi som fungerer for deg, og skaff deg gode medstudentar som du kan samarbeide og vere sosial med, for det kjem til å gjer studiekvardagen både lettare og moro!
Når du kjem til tredje året, bør du verkeleg vurdere å dra på utveksling!
Til slutt er det også verdt å merke seg dei gode ordningane for sletting av studielån knytt til lærarutdanning.
Håpar at vi sjåast til hausten!!!
Aktuelle lenker: