English version of this page

Strategisk plan 2019-2022

Forord

Denne strategiske planen gjeld for Høgskolen i Østfold i perioden 2019 – 2022 og inneheld verksemdas visjon og verdiar, i tillegg til å posisjonere høgskolen i UH-landskapet og formulere ambisjonar for perioden. 

Planen beskriv mål og vegval for følgjande fire hovudområde:

  • Utdanning
  • Forsking og kunstnarleg utviklingsarbeid
  • Formidling
  • Organisasjon, leiing og forvaltning

Undervisninga på høgskolen skal vere forskingsbasert, og derfor må ein forstå områda utdanning og forsking og kunstnarleg utviklingsarbeid i samanheng.

Planen er høgskolens overordna plandokument, og set kursen for verksemda dei neste fire åra. Han presenterer mål og vegval for kvart hovudområde, der måla beskriv høgskolens målsetting for perioden, mens vegvala viser korleis høgskolen vil prioritere og jobbe for å oppnå dei. Måla vil bli vidareført i høgskolens eittårige aktivitetsplanar, og måloppnåinga vil bli vurdert gjennom kvalitative og kvantitative styringsparameter, i tillegg til resultatmål.

Om Høgskolen i Østfold

Høgskolen i Østfold er ein statleg høgskole med over 7 000 studentar og 550 tilsette fordelt på to studiestader i Fredrikstad og Halden. I Fredrikstad ligg Avdeling for helse og velferd, Avdeling for ingeniørfag og Akademi for scenekunst. I Halden ligg Avdeling for informasjonsteknologi, Avdeling for lærarutdanning, Avdeling for økonomi, språk og samfunnsfag og Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa (Framandspråksenteret). Ved studiestad Halden ligg også den sentrale leiinga og felles teknisk–administrative tenester. Høgskolen har ein brei studieportefølje som spenner over alt frå profesjonsutdanningar til kunstutdanningar, både på bachelor- og masternivå. HiØ VIDERE er den eininga ved høgskolen som arbeider med eksternfinansiert etter- og vidareutdanning, og ho er lokalisert på begge studiestadane.

Visjon 

Med samfunnet – for framtida

Verdiar 

Respektfull:

På Høgskolen i Østfold er arbeids- og studiemiljøet prega av toleranse og likeverd uavhengig av meiningar, kjønn, tru, kulturell bakgrunn og seksuell legning. Gjennom samarbeid skal vi fremje helse, trivsel og læring for studentar og tilsette. Vi har høg etisk bevisstheit og hegnar om menneskeverdet og tek avstand frå alle former for trakassering.

Kritisk:

Kritisk tenking er kjernen i vitskapen og nødvendig for det demokratiske samfunnet vårt. Tilsette og studentar deltek derfor med tydelege og uavhengige stemmer i samfunnsdebatten. Høgskolens utdanning, forsking, kunstnarlege utviklingsarbeid og formidling bidrar til forståing, rasjonell tenking og kritisk debatt. 

Samfunnsutviklande:

Gjennom utvikling av kunnskap og ferdigheiter, og gjennom forsking, kunstnarleg utviklingsarbeid og formidling, set vi dagsorden og bidrar til ei bærekraftig utvikling. Høgskolen bidrar til å forstå og løyse samfunns- og arbeidslivsutfordringar gjennom godt samarbeid, og ved å tenke kreativt og tverrfagleg.

Posisjonering og ambisjonar

Høgskolen i Østfold er sterkt regionalt forankra og har eit omfattande samarbeid med både næringsliv og offentleg sektor. Dette samarbeidet er viktig for ei god utvikling av både høgskolen og regionen. Utdanningsnivå, folkehelse, arbeidsløyse og levekår er særleg viktige område der vi som kunnskapsorganisasjon bidrar aktivt for å sikre og styrke sosial og økonomisk bærekraft. 

Kjernen i verksemda vår er å utdanne profesjonsutøvarar som samfunnet har stort behov for. Vi skal sikre at studentane våre får eit stort læringsutbytte og er klare for eit arbeidsliv med raske omstillingar. Eit viktig bidrag til dette er å satse på teknologi, infrastruktur og nye undervisningsmetodar. I ein sektor som er prega av større einingar, skal Høgskolen i Østfold vere ein av de beste på profesjonsutdanning og samtidig vere ein tydeleg nasjonal og internasjonal formidlar av ny kunnskap innanfor satsingsområda våre.

Studentane våre skal oppleve nær samanheng mellom teoretisk kunnskap, yrkesfelt og samfunnsbehov. Gjennom forsking og skreddarsydde utdanningar skal verksemda bidra til å løyse samansette utfordringar. Høgskolen skal styrke sin nasjonale posisjon innan utdanning og forsking gjennom strategisk og forpliktande samarbeid med arbeidslivet.

Høgskolen er primært kjend for god utdanning. I tida framover skal vi også bli akta for samfunnsrelevant, profesjonsretta og innovativ forsking. Etableringa av høgskolens første ph.d.-program vil styrke utdannings- og forskingsprofilen vår og bidra til dette.

Kunstutdanning og kunstnarleg utviklingsarbeid er ein del av identiteten til Høgskolen i Østfold, og ved å styrke dette feltet skal denne innovative profilen bli enda sterkare. 

Høgskolen huser Nasjonalt senter for engelsk og fremmedspråk i opplæringen(Fremmedspråksenteret) og eit solid språkfagleg miljø som saman med lærarutdanninga skal ta ei leiandenasjonal rolle innanfor språk i opplæringa

I møte med samfunnsutfordringane i samtida krevst det eit internasjonalt perspektiv og ei tverrfagleg tilnærming til utdanning og forsking. Sjølv om vi har ei sterk regional forankring, er utdanninga, forskinga, det kunstnarlege utviklingsarbeidet og formidlingsaktiviteten vår i aukande grad prega av eit internasjonalt engasjement

Vi bidrar til auka forståing og skaper debatt regionalt, nasjonalt og internasjonalt gjennom forsking, kunstnarleg utviklingsarbeid og formidling av kunnskap. Høgskolenhar dessutan eitoverordna målom å auke høgskolens samfunnsbidrag og arbeide for ei bærekraftig samfunnsutvikling.

Mål og vegval

Utdanning

– for kunnskap og utvikling

Mål

  1. Vi leverer framifrå samfunnsrelevante og profesjonsretta utdanningar.
  2. Studieporteføljen vår er spissa mot bachelor-, master- og ph.d.-utdanningar med høg samfunnsrelevans og der vi er spesielt konkurransedyktige.
  3. Etter- og vidareutdanningstilboda våre er vidareutvikla og har auka i omfang.
  4. Studia våre er kjenneteikna av studentaktiv undervisning, god oppfølging og hyppige tilbakemeldingar undervegs i studiet.
  5. Studentane våre opplever måten vi bruker digitale læringsressursar og digitale undervisningsformer på som læringsfremjande.
  6. Vi har eit betydeleg utdanningssamarbeid med utvalde nasjonale og internasjonale utdanningsinstitusjonar.

Vegvalg

Vi skal

  • styrke kvaliteten på utdanningane våre gjennom kollegabasert rettleiing og diskusjon
  • bli betre på å bruke resultata frå studentevalueringar, studiebarometer og avvikssystem som ein integrert del av korleis vi utviklar studie- og læringsmiljøet vårt
  • syte for at studentane møter høg fagleg, didaktisk og digital kompetanse
  • ha aktive rådgjevande komitear (advisory boards) eller tilsvarande samarbeidsforum ved alle avdelingane
  • etablere ordningar for at tilsette i profesjonsutdanningane kan ha regelmessig hospitering i yrkesfeltet
  • styrke de faglige synergiane gjennom aktivt samarbeid mellom avdelingane våre
  • sjå etablering av nye gradsstudium i tett samanheng med utviklinga av nytt ph.d.-program
  • ta eit nasjonalt ansvar for engelsk og framandspråk i heile utdanningsløpet og vere ein sentral tilbydar av framandspråk i lærarutdanninga
  • styrke etter- og vidareutdanningstilbodet vårt i tråd med regionale og nasjonale behov
  • gå frå å ha hovudvekt på forelesingar til meir studentaktive læringsformer der det er læringsfremjande
  • styrke det digitale læringsmiljøet til studenten og tilby fleksible studieopplegg
  • etablere eit godt samarbeid om studiar med utdanningsinstitusjonar primært i Oslo- og Akershusregionen, og leggje til rette for smidige overgangar for studentane mellom institusjonane

Forsking og kunstnarleg utviklingsarbeid

– for forandring og innovasjon

Mål

  1. Forskinga vår er samfunnsrelevant og profesjonsretta, og bidrar til å styrke utdanningane våre.
  2. Høgskolens første ph.d.-program med arbeidstittelen «Det digitale samfunnet» er akkreditert. 
  3. Talet på publiseringspoeng er dobla, forskinga blir i aukande grad sitert og publisert internasjonalt og i dei beste tidsskrifta for fagfelta våre.
  4. Talet på publikasjonar basert på studentarbeid har auka monnaleg.
  5. Forskings- og utviklingsinntektene frå eksterne kjelder er dobla.

Vegvalg

Vi skal

  • styrke forskingssamarbeidet med regionalt arbeidsliv
  • utvikle ein institusjonell praksis for open vitskap (open science)
  • auke delen av vitskapelege tilsette som har kombinasjonsstillingar i offentlege og private verksemder
  • auke talet på vitskapelige tilsette som rettleier på ph.d.-nivå
  • etablere «Språk i opplæringa» som strategisk forskingsprogram
  • byggje ein sterk og tydeleg forskingsprofil der ph.d.-utdanninga med arbeidstittelen «Det digitale samfunnet» er sentral
  • etablere eit tverrfagleg forskingssenter knytt til ph.d.-satsinga
  • styrke kvaliteten på dei vitskapelege publikasjonane gjennom kollegabasert rettleiing og diskusjon
  • styrke forskingsstøtta
  • fordele forskingsressursen til dei områda vi satsar på og til prosjekt der det er mest sannsynleg med auke i publiseringa og ekstern finansiering 
  • sørge for at bachelor- og masterstudentane våre blir inviterte til å ta del i forskinga og det kunstnarlege utviklingsarbeidet til dei fagtilsette
  • leggje til rette for å auke talet på samarbeidsprosjekt og sampublisering med nasjonale og internasjonale forskingsmiljø

Formidling

–  for forståing og debatt

Mål

  1. Talet på kronikkar og populærvitskapelege bidrag på nasjonalt nivå er dobla.
  2. Tilsette frå alle fagavdelingar er meir synlege som fagekspertar i det offentlege rom.
  3. Studentprosjekt frå alle avdelingar er synlege i det offentlege rom.
  4. Bruk av digitale og sosiale medium er ein naturleg del av fag- og forskingsformidlinga for studentar og fagtilsette.

Vegvalg

Vi skal

  • prioritere nasjonal og internasjonal formidling av forskingsbasert kunnskap og kunstnarleg utviklingsarbeid
  • ha ein formidlingsstrategi i alle forskings- og utviklingsprosjekta våre
  • synleggjere forskingsresultat og innovative løysingar for at dei raskt skal bli tekne i bruk i arbeids- og profesjonsutøvinga
  • løfte fram fleire forskarar som ekspertar i media
  • etablere system for nominering av studentprosjekt for ekstern profilering
  • heve kompetansen hos dei tilsette i bruk av digitale og sosiale medium i formidlingsarbeidet

Organisasjon, leiing og forvaltning

– for brukarorientert og fleksibel drift

Mål

  1. Vi arbeider effektivt og er ein lærande og endringsdyktig organisasjon der kompetanse blir utvikla, rekruttert og verdsett.
  2. Vi har leiarar som skaper entusiasme og evnar å setje mål som stimulerer til fagleg og administrativ utvikling.
  3. Høgskolens infrastruktur møter behova til studentane og dei tilsette i ei tid med raske endringar.
  4. Verksemda vår er miljøvennleg og aukar engasjementet for miljø og bærekraft hos studentar og tilsette.
  5. Vi har etablert oss som ein kunnskapsaktør for heile region Viken.

Vegvalg

Vi skal

  • arbeide aktivt for å trekke til oss fagleg sterke og engasjerte studentar og medarbeidarar
  • auke delen av vitskapleg tilsette med førstekompetanse
  • tilpasse den faglege organiseringa til prioriteringane innanfor forsking og utdanning
  • ha utviklingsprogram for å styrke utdannings- og forskingsleiinga
  • gjennomføre ei målretta kompetanseutvikling for teknisk–administrativt tilsette basert på ein analyse av dei framtidige kompetansebehova
  • la studentevalueringar/studiebarometeret ha ei sentral rolle i styringa av verksemda
  • ta eit brukarperspektiv når vi utviklar administrative støttetenester
  • forenkle, forbetre og fornye arbeidsprosessane våre
  • etablere ordningar som sikrar effektiv og godt tilpassa arealbruk
  • ta større ansvar for det ytre miljøet
  • delta i relevante forum for utviklinga av den nye regionen
Publisert 4. des. 2018 15:41 - Sist endret 28. mars 2019 11:23