Fakta om emnet

Studiepoeng:
15
Ansvarlig fakultet:
Fakultet for lærerutdanninger og språk
Studiested:
Halden
Emneansvarlig:
Karine Stjernholm
Undervisningsspråk:
Se pkt. Undervisnings- og læringsformer
Varighet:
½ år

LUMNOR40417 Fleirspråklegheit (Vår 2021)

Emnet er tilknyttet følgende studieprogram

Obligatorisk emne i Masterstudium i norsk i skolen (120 studiepoeng) (heiltid og deltid).

Masterstudentar som har greidd tre studieår i 4-årig grunnskolelærarutdanning (GLU), etter rammeplan av 2010, kan søke om å få emnet innpassa som fjerde studieår og del av vitnemålsgrunnlaget for GLU etter nærare retningslinjer.

Undervisningssemester

Heiltid: 2. semester (vår).
Deltid: 4. semester (vår).

Studentens læringsutbytte etter bestått emne

Kunnskap
Kandidaten

  • har inngåande kunnskap om fleirspråklegheit på individivå, og kunnskap om fleirspråklegheit på samfunnsnivå

  • har avansert kunnskap om korleis barn og unge utviklar eit andrespråk

  • har kunnskap om kva det vil seie å undervise klassar med fleirspråklege elevar, og korleis ein kan nytte fleirspråklegheita som ein ressurs

  • har kunnskap om språktypologi og relevante grammatiske språktrekk

  • har kunnskap om arvespråk og minoritetsspråk generelt, og spesielt om samisk i Noreg

Ferdigheiter
Kandidaten

  • kan plassere norsk språktypologisk og analysere det kontrastivt til andre språk

  • kan kartlegge og analysere språkutviklinga til elevar med norsk som andrespråk

  • kan planlegge og gjennomføre eit foredrag som viser sjølvstende innanfor det fleirspråklege fagområdet

Generell kompetanse
Kandidaten

  • kan delta i relevante faglege og didaktiske diskursar med fagleg tyngd, og kan kommunisere om faglege spørsmål knytt til fleirspråklegheit

  • kan bruke teoretisk innsikt til å reflektere over undervisningspraksis i klasserom prega av språkleg og kulturelt mangfald

  • har kompetanse til å fungere som ressursperson når det gjeld andrespråksundervisning og tilrettelegging for minoritetsspråklege elevar i skolen

Innhold

Dette emnet skal gi avansert kunnskap om fleirspråklegheit og andrespråkstematikk. Vi skal drøfte kva det vil seie å vere fleirspråkleg og å vekse opp med eitt eller fleire førstespråk, og kunnskap om korleis barn og unge utviklar andrespråket sitt vil bli spesielt vektlagt.

Det blir også lagt opp til studium av språktypologi i verdas språk, kontrastivt til nordisk, for å betre kunne analysere variasjonar i språkinnlæring.

Emnet skal gi innsikt i dei ressursar og utfordringar ulike kulturelle og språklege elevgrupper representerer, og korleis ein i klasserommet betre kan legge til rette for undervisningsformer som reflekterer det språklege og kulturelle mangfaldet som pregar samfunnet..

Emnet heng tematisk saman med NOR401 Lesing, skriving og munnlegheit og NOR403 Språk og samfunn, og vil sjå på fleirspråklegheit i forlenging av talemålsvariasjon og i samanheng med skriveopplæring i fleire målformer.

Undervisnings- og læringsformer

Undervisningsspråket er norsk og svensk.

Det vil bli lagt opp til varierte undervisningsformer:

  • Forelesingar og seminar

  • Diskusjon i grupper og i plenum

  • Feltarbeid og praktisk analyse

  • Sjølvstudium og kollokviegrupper

Studentar som vel oppgåver der dei kan komme i kontakt med særleg sårbare grupper (barn/unge), må levere politiattest før dei går i gang med oppgåva. Sjå generell del av studieplanen.

Arbeidsomfang

Emnet har eit forventa arbeidsomfang på om lag 400 timar.

Praksis

Det er ikkje praksis i studiet.

Masterstudentar som vil ha emnet innpassa som del av siste år i 4-årig grunnskolelærarutdanning (GLU) skal ha praksis i samsvar med rammeplanen for GLU.

Arbeidskrav - vilkår for å avlegge eksamen

  1. Individuell rapport frå praktisk oppgåve innanfor temaet kontrastiv grammatikk, ca. 2-3 sider. Delar av arbeidskravet kan gjennomførast som feltarbeid. Målform: nynorsk.

  2. Individuelt abstract til eksamensforedraget, sjå vurdering. Målform: bokmål.

Tema og opplegg for begge arbeidskrav blir bestemt i samråd med læraren.

Studenten vil få rettleiing og tilbakemelding frå faglærar og/eller medstudentar på feltarbeid og oppgåveløysing, og på innlevert abstract.

Arbeidskrava må vere godkjende før studenten kan framstille seg til eksamen.

Eksamen

Individuell, munnleg eksamen

Munnleg eksamen i form av konferanseforedrag på 25 minutt. Foredraget skal ta utgangspunkt i eit sjølvvalt emne innanfor dei faglege rammene for emnet. Både fagleg innhald og framføring blir vurdert. Konferanseforedraget er opent for medstudentar og andre tilhøyrarar.

Karakterregel: A-F.

Sensorordning

Intern og ekstern sensor.

Vilkår for ny/utsatt eksamen

Ved ikkje greidd eksamen kan kandidaten levere det same abstractet på nytt (arbeidskrav 2).

Ved ønske om forbetring av karakteren må kandidaten velje eit nytt tema og levere eit nytt abstract i samråd med faglærar før han/ho kan gå opp til eksamen på nytt.

Evaluering av emnet

Tilbakemelding frå studentane midtvegs-/undervegs- og sluttevaluering.

Litteratur

Litteraturlista er sist oppdatert 14.01.2021.

Bøker
Eriksen, Thomas Hylland (2008). Globalisering. Åtte nøkkelbegreper. Oslo: Universitetsforlaget. (188 sider)

Krulatz, A., A. Dahl & M.E. Flognfeldt (2018). Enacting Multilingualism. Cappelen Damm. Del 1 Kap. 1-9, 11 og 19 (127 sider)

Næss, Åshild (2019). Global grammatikk. Språktypologi for språklærere. Oslo: Gyldendal akademisk. (274 sider)

Artiklar og enkeltkapittel
Abrahamsson, N. (2009). Modersmålets inflytande: dess manifesttationer, begränsningar och orsaker. I N. Abrahamsson Andraspråksinlärning (s. 235-253). Lund: Studentlitteratur. (18 sider)

Arntzen, R., Karlsen, J. (2019). Språkressurser, språkvalg og språkskifte: En studie av tospråklige barn frå fem- til tolvårsalder. NOA norsk som andrespråk (1), 32 – 60. (28 sider)

Arntzen, R., Kvifte, Bjørn, Hjelde, Arnstein (2017). Andrespråkelevers møte med obligatoriske leseprøver frå småskole- til mellomtrinn. NOA. Norsk som andrespråk (1), p. 33-62. (29 sider)

Barac, R. & Bialystok, E. (2011). Cognitive development of bilingual children. Language Teaching, 44(1), 36-54. (18 sider)

Brøseth, Heidi, Kristin Melum Eide & Tor Åfarli (2019). Språket som system. Norsk språkstruktur. Bergen: Fagbokforlaget, kap. 1, 10–12. (104 sider)

Cummins, J. (2008). BICS and CALP: Empirical and theoretical status of the distinction. Encyclopedia of language and education (s. 487-499): Springer. (12 sider)

Emilsen, Linda Evenstad & Åshild Søfteland. (2018). Andrespråksanalyser av barns spontantale. NOA Norsk som andrespråk 1-2, 128-157. (29 sider).

Emilsen, Linda E. & Søfteland, Åshild. 2020. L2 acquisition in a rich dialectal environment: Some methodological considerations when SLA meets dialectology. In Amanda Edmonds, Pascale Leclercq & Aarnes Gudmestad (eds.), Interpreting language-learning data, 9–38. Berlin: Language Science Press. (29 sider)

Fondevik, B. (2015). Kartlegging og vurdering av skriveferdigheiter på ungdomssteget. I A. Golden & E. Selj (red.) Skriving på norsk som andrespråk. Cappelen Damm Akademisk (s. 35-52)

García, O. & Wei, L. (med Dewilde, J.). (2019). Transspråking - Språk, flerspråklighet og opplæring (I.S. Holmes, overs.). Oslo: Cappelen Damm Akademisk. Kapittel 1 og 2. (38 sider)

Helander, Nils Ø. (2009). Samisk språk og samiske språkforhold – med særlig vekt på nordsamisk. I Bull, Tove & Anna-Riitta Lindgren (red.). De mange språk i Norge. Flerspråklighet på norsk. Oslo: Novus. (s. 125-140) (16 sider)

Hjelde, Arnstein (2012). «Folkan mine, dæm bære snakka norsk.» Norsk i Wisconsin frå 1940-talet og fram til i dag. Norsk lingvistisk tidsskrift 30/2. (s. 183-203) (21 sider)

Håkansson m.fl. (2003). Measuring language development in bilingual children: Swedish-Arabic children with and without language impairment. Linguistics 41–2. (s. 255–288) (34 sider)

Kjelaas, I. & Ommeren, R.V. (2019). Legitimering av flerspråklighet. En kritisk diskursanalyse av fire læreplaner i språk. NOA - Norsk som andrespråk, 35(1), 5 - 31. (26 sider)

Lane, Pia (2010) ‘‘We did what we thought was best for our children’’: a nexus analysis of language shift in a Kven community. International Journal of the Sociology (15 sider)

Olsen, Torjer A., Hilde Sollid og Åse Mette Johansen (2017). Kunnskap om samiske forhold som integrert del av lærerutdanningene. Acta Didactica Norge (11), 2, Art. 5. (15 sider).

Sollid, H. (2019, 19. juni). Språklig mangfold som språkpolitikk i klasserommet. Målbryting, ss. 1-21. doi:http://dx.doi.org/https://doi.org/10.7557/17.4807 (20 sider)

Anbefalt litteratur:
Dewilde, Joke (2016). «En bred tilnærming til skriving får fram kreative og kritiske skrivere». Utdanningsnytt. Kan hentes på: https://www.utdanningsnytt.no/debatt/2016/august/flerspraklig-skriving-i-skolen/ (Ca. 9 sider)

Bathia, TK, Ritchie, WTC (2013). The handbook of bilingualism and multilingualism. Blackwell publishing

Golden, A & Selj, E (2015). Skriving på Norsk som andrespråk. Cappelen.

Gujord, A.K., Randen, G.T. (red.) (2018). Norsk som andrespråk – perspektiver på læring og utvikling. Cappelen.

Kulbrandstad, LA, Steien, GB (2020). Språkreiser. Festskrift til Anne Golden. Novus forlag.

Sist hentet fra Felles Studentsystem (FS) 10. mai 2024 02:54:19