Zotero for studentar
Zotero er eit gratis referanseverktøy for samle og organisere referansane dine og vidare lage korrekte siteringar og kjeldeliste i tekstane dine. Zotero kan brukast saman med Word, LibreOffice og Google Docs.
For å bruke Zotero må de laste ned både Zotero-programmet og ein Zotero Connector.
Rettleiingar
- Zotero-veiledning frå Universitetsbiblioteket UiO
- Introduksjonsvideo frå Universitetsbiblioteket i Innlandet
- Norsk APA 7 i Zotero
EndNote for tilsette
Bruk EndNote til å samla, organisera og finna igjen referansar og artiklar. EndNote kan brukast saman med Word for å leggja til referansar og litteraturlister.
EndNote for tilsette kan lastast ned frå Firmaportalen. Der ligg også oppdateringar når det kjem nye versjonar. Varsle IT-vakt dersom det har komme ei ny oppdatering, men du ikkje finn denne i Firmaportalen på datamaskina di.
Rettleiingar
NB: Det er ikkje anbefalt å læra seg referansehandteringsverktøy kort tid før ein skal levera eit arbeid.