English version of this page

Referansehandteringsverktøy

Referansehandteringsverktøy hjelper deg med å samla og organisera kjelder, setja inn siteringar i tekst og lage litteraturlister. På HiØ blir Zotero brukt for studentar og EndNote for tilsette.

Zotero for studentar

Zotero er eit gratis referanseverktøy for samle og organisere referansane dine og vidare lage korrekte siteringar og kjeldeliste i tekstane dine. Zotero kan brukast saman med Word, LibreOffice og Google Docs.

For å bruke Zotero må de laste ned både Zotero-programmet og ein Zotero Connector.

Rettleiingar

EndNote for tilsette

Bruk EndNote til å samla, organisera og finna igjen referansar og artiklar. EndNote kan brukast saman med Word for å leggja til referansar og litteraturlister.

EndNote for tilsette kan lastast ned frå Firmaportalen. Der ligg også oppdateringar når det kjem nye versjonar. Varsle IT-vakt dersom det har komme ei ny oppdatering, men du ikkje finn denne i Firmaportalen på datamaskina di.

Rettleiingar

NB: Det er ikkje anbefalt å læra seg referansehandteringsverktøy kort tid før ein skal levera eit arbeid.

Publisert 10. juni 2026 09:24 - Sist endret 29. juni 2026 12:58