English version of this page

Lokale forhandlinger

Årleg blir det gjennomført lokale forhandlingar etter punkt 2.5.1 i hovudtariffavtalane.

Mellomoppgjer 2023 - forhandlingane er avslutta

Det er to hovudtariffavtalar i staten, ein for tilsette tilhøyrande Akademikerne, Unio og uorganiserte og ein for tilsette tilhøyrande LO og YS.

Partane sentralt vart i år samde om ei økonomisk ramme på 5,2 prosent i lønsvekst. 

  • I avtalen med LO Stat og YS Stat får alle 31.000 kroner i lønstillegg. 0,85 % av lønsmassen blir sett av til individuelle forhandlingar lokalt.
  • I avtalen med Akademikerne og Unio er heile potten sett av til individuelle forhandlingar lokalt. Partane ved HiØ har blitt samde om å gje eit generelt tillegg på 26.000 kroner til dei som tener inntil 634 999 og eit generelt tillegg på 4,1 % for dei som tener frå 635.000 kroner. Det generelle tillegget vil bli utbetalt enten i august eller september 2023. 1,03 % av lønsmassen blir sett av til individuelle forhandlingar.

Dei lokale forhandlingane skal sluttførast innan 31. oktober 2023. Verknadstidspunktet for begge avtalane er sett til 1. mai 2023.

Føringar og prioriteringar

Den gjeldande lønspolitikken ved høgskolen vil vere førande for årets lokale forhandlingar.  Forutan prinsippa som er lagt i lønspolitikken ønskjer partane å leggje vekt på kollegiale kriterium som godt samarbeid, mentorskap, erfaringsdeling og nærvær for å utvikle gode arbeidsmiljø. Alt dette er særleg viktig i ein tid med meir fleksibilitet og bruk av eksterne arbeidsplassar. I tillegg skal partane vareta føringar i hovudtariffavtalane, som likeløn og at arbeidstakar skal sikrast ei lønsvekst over tid.

Du finn meir informasjon om kva kriterium som blir lagde vekt på, her:

Kven kan fremje krav?

Medarbeidarar som vart tilsette før 1. mai, har høve til å fremje krav om justeringar i lokale forhandlingar. Mellombels tilsette og tilsette i lønt permisjon skal varetakast ved dei lokale forhandlingane.

Kva for endringar kan du krevje?

Du kan be om justering av:

  • lønsauke i kroner (Akademikerne/Unio og uorganiserte)
  • lønstrinn (LO/YS)
  • faste kronetillegg (LO/YS)
  • mellombelse kronetillegg (alle)
  • stillingskode (alle)

Partane kan også forhandle om generelle justeringar av enkeltgrupper.

Slik sender du inn kravet ditt

Fristen for å levere krav er no gått ut. 

Fristar

Aktivitet

Frist

Kven

Kravfrist tilsette

31.08.2023 kl. 24:00

Tilsette
Lokal tillitsvalt eller instituttleiar/seksjonssjef si vurdering av den enkelte sitt krav er ferdigstilt i den digitale løsningen 29.09.2023 kl. 12:00

Lokale tillitsvalde

Næraste leiar 

Hovudtillitsvalt eller dekan/avdelingsdirektør si vurdering av den enkelte sitt krav er ferdigstilt i den digitale løsningen 10.10.2023 kl.12:00

Hovudtillitsvalde

Dekanar

Avdelingsdirektørar

Utveksling av krav (endeleg prioriteringsliste) mellom partane

10.10.2023 kl.24.00

 

Første tilbod

17.10.2023

Forhandlingsutvalet

Forhandlingar Akademikerne/Unio

24. og 25.10.2023

Partane tilhøyrande avtale

Forhandlingar LO/YS

23.10.2023

Partane tilhøyrande avtale

Forhandlingane avslutta

31.11.2022

Partane

Medarbeidarar vil få informasjon om resultatet så snart forhandlingane er avslutta og protokollane er underteikna. Det blir lagt ut informasjon på HiØ sine nettsider for tilsette når alle forhandlingar er avslutta.

Forhandlingspartar

Forhandlingsutvalet vil bestå av organisasjon- og tenestedirektør Elin Corneliussen (leiar), økonomidirektør Knut-Walther Nordahl og prorektor utdanning Annette Veberg Dahl. Aina Karlstad vil vere sekretær for forhandlingsutvalet.

Tenestemannsorganisasjonane forhandlar alle etter hovudsamanslutningsmodellen.

Har du spørsmål?

Ta kontakt med Aina Karlstad.

Tidligare lokale forhandlingar

 

Emneord: lokale forhandlinger, HTA 2.5.1
Publisert 16. apr. 2018 08:44 - Sist endret 3. jan. 2024 11:43