English version of this page

Lokale forhandlinger 2022

 

Hovudoppgjer 2022

Frå 1. mai 2022 har vi no to hovudtariffavtalar i staten, ein for tilsette tilhøyrande Akademikerne, Unio og uorganiserte og ein for tilsette tilhøyrande LO og YS.

Partane sentralt vart i år samde om ei økonomisk ramme som inneber ein gjennomsnittleg årslønsvekst på 3,8 prosent. For begge avtalane vil ein del av potten gå til kostnader knytte til endringar i fellesreglane mv.

  • I avtalen med LO Stat og YS Stat er 70 % av midlane sette av til sentrale justeringar. 0,85 % av lønsmassen blir sett av til individuelle forhandlingar lokalt.
  • I avtalen med Akademikerne og Unio er heile potten på 2,46 % fordelt lokalt. Partane ved HiØ har blitt samde om å gje eit generelt tillegg til alle på 1,66 %. 0,80 % av lønsmassen blir sett av til individuelle forhandlingar.

Dei lokale forhandlingane skal sluttførast innan 31. oktober 2022. Verknadstidspunktet for begge avtalane er sett til 1. mai 2022.

Føringar og prioriteringar

Den gjeldande lønspolitikken ved høgskolen vil vere førande for årets lokale forhandlingar. I tillegg skal partane vareta føringar i hovudtariffavtalane, som likeløn og at arbeidstakar skal sikrast ei lønsvekst over tid.

Du finn meir informasjon om kva kriterium som blir lagde vekt på, her:

Kven kan fremje krav?

Medarbeidarar som vart tilsette før 1. mai, har høve til å fremje krav om justeringar i lokale forhandlingar. Mellombels tilsette og tilsette i lønt permisjon skal varetakast ved dei lokale forhandlingane.

Kva for endringar kan du krevje?

Du kan be om justering av:

  • lønsauke i kroner (Akademikerne/Unio og uorganiserte)
  • lønstrinn (LO/YS)
  • faste kronetillegg (LO/YS)
  • mellombelse kronetillegg (alle)
  • stillingskode (alle)

Partane kan også forhandle om generelle justeringar av enkeltgrupper.

Slik sender du inn kravet ditt

For å kunne leggje inn krav i årets lønsforhandlingar, må du sende inn eit digitalt skjema.

Send inn kravet ditt

Bruk av det digitale skjemaet:

  • Generelle spørsmål om lønsoppgjeret eller innhaldet i skjemaet kan stillast til tillitsvalt, leiar eller HR
  • Dersom du opplever feil, eller har behov for teknisk bistand i bruk av skjemaet kan du ta kontakt med skjema-vakt@hiof.no.
  • Hugs at lønskravet ditt blir betre når det er tydeleg, kort og konsist.
  • Dersom du har delt stilling, vel du hovudstillinga di i skjemaet, og bruker feltet for supplerande grunngjeving for å beskrive korleis du dekkjer kriteria

Det blir sendt ut eigen informasjon om bruk av den digitale løysinga til leiarar og lokale tillitsvalde. Desse vil også bli tilbydd opplæring i veke 39.

Kravskjemaet blir i første instans behandla av din lokale tillitsvalde eller av din leiar dersom du er uorganisert. Leiar vil få tilgang til å lese og vurdere alle innkomne krav frå eininga si.

Frist for å fremje krav: 18. september

Fristar

Aktivitet

Frist

Kven

Kravfrist tilsette

18.09.2022 kl. 24:00

Tilsette
Lokal tillitsvalt eller leiar si (for uorganiserte) vurdering av den enkelte sitt krav er ferdigstilt i det digitale skjemaet 28.09.2022

Lokale tillitsvalde

Næraste leiar v/uorganisert

Prioriteringsliste blir send til hovudtillitsvalt/dekan/avdelingsdirektør

11.10.2022

Lokale tillitsvalde

Instituttleiarar

Seksjonsleiarar

Utveksling av krav (endeleg prioriteringsliste) mellom partane

14.10.2022

Hovudtillitsvalde

Dekanar

Avdelingsdirektørar

Første tilbod

21.10.2022 

Forhandlingsutvalet

Forhandlingar Akademikerne/Unio

Uke 43

Partane tilhøyrande avtale

Forhandlingar LO/YS

Uke 43

Partane tilhøyrande avtale

Forhandlingane avslutta

31.11.2022

Partane

Medarbeidarar vil få informasjon om resultatet så snart forhandlingane er avslutta og protokollane er underteikna. Det blir lagt ut informasjon på HiØ sine nettsider for tilsette når alle forhandlingar er avslutta.

Forhandlingspartar

Forhandlingsutvalet vil bestå av organisasjon- og tenestedirektør Elin Corneliussen (leiar), økonomidirektør Knut-Walther Nordahl og prodekan utdanning Annette Veberg Dahl. Inger Lise Røsnæs vil vere sekretær for forhandlingsutvalet.

Tenestemannsorganisasjonane forhandlar alle etter hovudsamanslutningsmodellen.

Tidligare lokale forhandlingar

 

Emneord: lokale forhandlinger, HTA 2.5.1
Publisert 28. juni 2023 14:50 - Sist endret 28. juni 2023 14:51