Verbterningar

Dette er ein variant av tipset Ordterningar og kan brukast til å øve på verbbøying.

Tabell med ord og to terninger i forgrunnen

Tidsbruk

15 minutt

Forslag til gjennomføring

  • Læraren deler ut eit ark til kvar elev.
  • Elevane lagar eit rutenett med seks gonger seks ruter på arket (sjå illustrasjonen ovanfor). Elevane fyller inn rutene med verb på norsk. Verba skal stå i infinitiv, og alle må kjenne dei.
  • Elevane går saman to og to og byter rutenett.
  • Kvart elevpar får utdelt to terningar.
    Ein av elevane kastar terningane for å finne ut kva for eit av verba i rutenettet han eller ho skal bøye. Den eine terningen bestemmer den vertikale aksen, og den andre terningen bestemmer den horisontale aksen.
    Deretter kastar eleven ein av terningane på nytt for å finne ut kva for eit pronomen verbet skal bøyast med (1 = 1. person eintal, 2 = 2. person eintal, 3 = 3. person eintal, 4 = 1. person fleirtal, 5 = 2. person fleirtal, 6 = 3. person fleirtal).
    Læraren bestemmer kva for ei tid verba skal bøyast i.
  • Elevane kastar terningane etter tur. Når ein elev svarer rett, markerer han eller ho ruta med forbokstaven sin. Den med flest markeringar vinn.

Noen av tipsene du finner under Innlæring av ord og grammatikk er samlet i et eget hefte.
Heftet inneholder et utdrag av tipsene på nettsiden. 
Ønsker du å motta heftet? Send en bestilling til info@fremmedspraksenteret.no

Eksempel for russisk

Publisert 28. jan. 2020 13:49 - Sist endret 12. mars 2021 07:46