Tidsbruk
10 minutt
Forslag til gjennomføring
- Klassen dannar to lag. Laga samlar seg i kvar sitt hjørne i enden av klasserommet. Læraren står i midten framme. Det bør vere god avstand mellom læraren og dei to laga.
- Læraren held eit skjerf i handa og seier ei beskrivande setning med adjektiv på målspråket om noko som er felles for minst éin elev på kvart lag. Til dømes slik: «Eg har på meg svarte bukser», «Eg har mørkt hår», eller «Eg har blå auge».
- Elevane som oppfyller beskrivinga, må skynde seg bort til læraren og prøve å ta skjerfet. Den eleven som klarer å ta skjerfet tilbake til laget utan å bli teken av eleven/elevane frå det andre laget, skaffar laget sitt eit poeng. Dersom ein elev derimot blir teken av motstandaren, er det det konkurrerande laget som får poeng.
- Eleven som vinn runden, tek over rolla til læraren og seier ei ny setning.
- Aktiviteten held fram til dei fleste elevane har delteke.
Du trenger
Eit skjerf
Noen av tipsene du finner under Innlæring av ord og grammatikk er samlet i et eget hefte.
Heftet inneholder et utdrag av tipsene på nettsiden.
Ønsker du å motta heftet? Send en bestilling til info@fremmedspraksenteret.no
- Last ned Byggeplassen (PDF, BM)
- Last ned Byggeplassen (PDF, NN)