Bank i bordet

Dette er ein leikprega aktivitet med tidspress som gjer elevane merksame på kategoriseringa av ord i tal, kjønn, type verbbøying osv.

Tidsbruk

10 minutt

Forslag til gjennomføring

  • Læraren bestemmer seg for eit grammatisk moment som han/ho ønskjer å fokusere på.
  • Læraren lagar kort med ord som illustrerer dette momentet, til dømes kort med substantiv i eintal og fleirtal, verb i notid og fortid eller regelrette og uregelrette verb
  • Læraren informerer elevane om «bank i bordet»-regelen som skal gjelde, til dømes: «Bank i bordet når du ser eit verb som er bøygd i andre person fleirtal», «Bank i bordet når du ser eit verb som er bøygd i perfektum» eller «Slå til når du ser eit substantiv i hokjønn».
  • Målet er å samle flest kort som stemmer med «slå til»-regelen.
  • Elevane dannar grupper på tre til fem personar.
  • Korta er samla opp ned i ein bunke.
  • Etter tur snur elevane eitt kort.
  • Dersom det er eit kort som elevane skal slå til på, er det den eleven som først legg handa si på kortet, som får det. Eleven som snur kortet, er ikkje med. Til slutt går elevane igjennom korta dei fekk, og klassen blir einig om kva kort som passa til «bank i bordet»-regelen, og kvifor. Eit rett kort gir eitt poeng, mens eit feil kort gir to minuspoeng.

Du trenger

Noen av tipsene du finner under Innlæring av ord og grammatikk er samlet i et eget hefte.
Heftet inneholder et utdrag av tipsene på nettsiden. 
Ønsker du å motta heftet? Send en bestilling til info@fremmedspraksenteret.no

Publisert 28. jan. 2020 13:25 - Sist endret 11. jan. 2021 09:03