Bløff

Ein bli-kjend-aktivitet der elevane øver seg på grammatiske strukturar ved å fortelje morosame fakta om seg sjølve – sanne eller usanne.

Tidsbruk

15 minutt

Forslag til gjennomføring

  • Elevane skriv ned tre setningar med informasjon om seg sjølve, til dømes om interesser, personlegdom og ting dei har opplevd. Setningane skal vere baserte på ein bestemt grammatisk struktur, til dømes fortid eller nekting. Elevane bestemmer sjølve om setningane skal vere sanne eller ikkje. Målet er å lure dei andre ved å fortelje sanne fakta som verkar usanne, og usanne fakta som verkar sanne.

  • Klassen blir delt inn i grupper.

  • Elevane i gruppa seier dei tre setningane etter tur.

  • Resten av gruppa skal gjette om setningane er sanne eller usanne.

  • Ein elev som bløffar utan å bli avslørt, får eitt poeng. Ein elev som gjettar rett, får eitt poeng.

  • Elevane byter grupper og gjer aktiviteten på nytt.

Tilpassing:

Dei som gjettar, kan stille oppfølgingsspørsmål på målspråket. Bestem på førehand kor mange spørsmål det er lov å stille.

 

Noen av tipsene du finner under Innlæring av ord og grammatikk er samlet i et eget hefte.
Heftet inneholder et utdrag av tipsene på nettsiden. 
Ønsker du å motta heftet? Send en bestilling til info@fremmedspraksenteret.no

Publisert 29. jan. 2020 09:19 - Sist endret 11. jan. 2021 09:04