Det perfekte spelet

Elevane speler eit brettspel som går ut på å gjere setningar i presens om til presens perfektum – og omvendt. Spelet er inspirert av Perfekt-Spiel (WWW.HUEBER.DE) og kan lett tilpassast andre grammatiske emne.

Tidsbruk

20 minutt

Forslag til gjennomføring

    • Læraren skriv ut malen og fyller ut ei setning i kvart av dei kvite felta. Nokre setningar skal stå i presens, andre i presens perfektum. I tillegg har spelet nokre farga felt som representerer «lønn» eller «straff» (sjå forklaringa nedanfor).
    • Del klassen i grupper på tre–fire elevar. Kvar gruppe får ein terning og eit spelebrett, og kvar elev får ei spelebrikke.
    • Eleven som begynner, kastar terningen og flyttar fram like mange felt som auga på terningen viser. Dersom det står ei setning i presens i feltet eleven hamnar i, skal setninga gjerast om til presens perfektum. Dersom setninga står i presens perfektum, skal ho gjerast om til presens. Dei andre elevane gir tilbakemelding på om svaret er rett eller ikkje. Dersom dei er i tvil, spør dei læraren. Skulle elevane hamne i eit farga felt, skjer følgjande:
      • Raud: Eleven må stå over neste runde.
      • Blå: Eleven får flytte brikka to felt framover.
      • Grøn: Eleven må flytte brikka to felt bakover.
    • Elevane kastar terningen berre éin gong etter tur.
    • Eleven som kjem først i mål, vinn spelet.

    Du trenger

    Spelebrett (mal) (pdf), terningar og spelebrikker

     

    Noen av tipsene du finner under Innlæring av ord og grammatikk er samlet i et eget hefte.
    Heftet inneholder et utdrag av tipsene på nettsiden. 
    Ønsker du å motta heftet? Send en bestilling til info@fremmedspraksenteret.no

    Publisert 28. jan. 2020 14:48 - Sist endret 11. jan. 2021 09:26