Fem like

I denne varianten av kortspelet Gris får elevane øve seg på gloser og ordklassar.

blå bakgrunn med to hender som holder hvite kort med ord

Tidsbruk

15 minutt

Forslag til gjennomføring:

  • Læraren deler ut eit A4-ark til kvar elev. Elevane klipper arket i seks like store lappar.
  • Kvar elev vel ein kategori og skriv seks ord på målspråket som høyrer til kategorien. Dei kan til dømes skrive ned ord i den same ordklassen: seks substantiv, seks adjektiv, seks ulike verb som er bøygde i 2. person fleirtal, eller eitt verb som er bøygd i presens i alle seks personar.
  • Elevane dannar grupper på fire. Dei samlar saman alle korta til ein kortstokk. Så stokkar dei korta og deler dei ut. Kvar elev får seks kort.
  • Målet med kortspelet er å bli den første til å samle seks kort frå same kategori.
  • Elevane sjekkar korta sine utan å vise dei til motspelarane og bestemmer seg for å samle på éin kategori. Så vel dei bort eitt kort dei ikkje vil ha, og alle tel samtidig til tre på målspråket og sender så dette kortet vidare til sidemannen. Korta skal sendast vidare på same måte heilt til ein elev har klart å få seks kort frå den same kategorien.
  • Den første som får seks kort frå den same kategorien, har vunne.

Tilpassing:

Etter at kortspelet er ferdig, kan elevane bli utfordra til å bruke orda dei har på handa, i eksempelsetningar eller i ein tekst.

 

Noen av tipsene du finner under Innlæring av ord og grammatikk er samlet i et eget hefte.
Heftet inneholder et utdrag av tipsene på nettsiden. 
Ønsker du å motta heftet? Send en bestilling til info@fremmedspraksenteret.no

Publisert 29. jan. 2020 08:15 - Sist endret 11. jan. 2021 10:54