Former på plass

I denne aktiviteten jobbar ein med å forstå geometriske former og fargar og bruke preposisjonar. Elevane skal tolke instruksar og setje byggjeklossar på rett plass innan ei viss tid.

Tidsbruk

10 minutt

Forslag til gjennomføring

  • Elevane dannar grupper på tre.

  • Éi av gruppene får eit sett med byggjeklossar e.l. med forskjellige fargar og former og ei teikning av ein konstruksjon der byggjeklossane er brukte.
  • Elev 1 skal beskrive teikninga (som ingen andre får sjå). Elev 2 skal velje dei rette byggjeklossane og setje dei saman slik at dei stemmer med den munnlege beskrivinga (geometriske former, fargar og stadpreposisjonar). Elev 3 har rolla som «robot» og står ved døra. Han/ho nærmar seg litt etter litt og kan øydeleggje konstruksjonen dersom han ikkje er rett bygd innan tidsfristen (som er bestemt på førehand).
  • Når tida er ute, er det den neste gruppa sin tur.

Du trenger

Byggjeklossar, teikningar av konstruksjonar med byggjeklossane

 

Noen av tipsene du finner under Innlæring av ord og grammatikk er samlet i et eget hefte.
Heftet inneholder et utdrag av tipsene på nettsiden. 
Ønsker du å motta heftet? Send en bestilling til info@fremmedspraksenteret.no

Publisert 29. jan. 2020 14:29 - Sist endret 11. jan. 2021 10:55