Gramatikk-memory

Eit memory-spel som får elevane til å merkje seg ordklassar og grammatiske former for å samle så mange kortpar som mogleg.

Tidsbruk

10-15 minutt

Forslag til gjennomføring

  • Læraren lagar til 14 kort med korte setningar med preposisjonsuttrykk. Halvparten av korta skal vere på norsk, den andre halvparten skal ha tilsvarande setningar på målspråket. Korta på norsk og på målspråket kan eventuelt skrivast ut i kvar sin farge.

  • Læraren klipper opp korta.
  • Del klassen inn i grupper på fire elevar.
  • Kvar gruppe får eit sett med 14 kort.
  • Elevane legg korta opp ned på bordet.
  • Ein elev begynner med å snu to kort. Dersom setningane betyr det same, beheld han/ho begge korta. Viss ikkje legg han/ho korta opp ned igjen på same staden.
  • Elevane som samlar flest kortpar, vinn.

Du trenger

Høgare nivå

  • Spelet kan òg lagast einspråkleg (med ord berre på målspråket). Eitt kort kan til dømes innehalde ei infinitivform og eit anna kort det same verbet i presens eller fortidsform (sjå illustrasjonen). Elevane skal finne dei rette para. Be så elevane om å lage meiningsfulle setningar.

Noen av tipsene du finner under Innlæring av ord og grammatikk er samlet i et eget hefte.
Heftet inneholder et utdrag av tipsene på nettsiden. 
Ønsker du å motta heftet? Send en bestilling til info@fremmedspraksenteret.no

Publisert 29. jan. 2020 14:19 - Sist endret 11. jan. 2021 10:55