Gramatikkpasning

Elevane kastar ball til kvarandre samtidig som dei øver på grammatiske emne, til dømes subjekts- og objektsforma av personlege pronomen / eigedomsord og bøying av verb i hovudformene (tid/a verbo) eller etter person.

Tidsbruk

5 minutt

Forslag til gjennomføring

  • Elevane står i ring.
  • Læraren fortel at dei skal øve på til dømes personbøying i presens, og seier/skriv eit verb i infinitiv på tavla.
  • Éin av elevane får ballen og kastar han til ein medelev samtidig som han/ho seier eit personleg pronomen, til dømes «vi», på målspråket.
  • Eleven som fangar ballen, bøyer verbet i rett person. Så kastar han/ho ballen til ein annan elev og seier samtidig eit anna personleg pronomen, til dømes «du».
  • Slik går aktiviteten vidare til alle pronomena er brukte. Då seier/skriv læraren eit nytt verb på tavla. Aktiviteten held fram til alle har fått øvd godt.

Noen av tipsene du finner under Innlæring av ord og grammatikk er samlet i et eget hefte.
Heftet inneholder et utdrag av tipsene på nettsiden. 
Ønsker du å motta heftet? Send en bestilling til info@fremmedspraksenteret.no

Publisert 29. jan. 2020 09:05 - Sist endret 11. jan. 2021 10:56