Gramatikksudoku

Med sudokuprinsippet kan ein lage engasjerande grammatikkoppgåver. Her er eit døme med personbøying av verb i presens.

Tidsbruk

10 - 15 minutt

Forslag til gjennomføring

  • Bruk Internett og finn eit sudokuspel med 6 x 6 ruter og låg vanskegrad (gjerne med fasit for å spare tid). Erstatt tala 1–6 med alle dei seks personformene til eit valt verb:
    1 = 1. person eintal
    2 = 2. person eintal
    3 = 3. person eintal
    4 = 1. person fleirtal
    5 = 2. person fleirtal
    6 = 3. person fleirtal
  • Elevane får kvar sitt eksemplar av det omgjorde sudokuspelet og skal finne ut kva slags former som manglar kvar. Regelen er at dei seks presensformene av verbet skal plasserast slik at alle rader, kolonnar og dei avgrensa områda inneheld éi av kvar form. Same person med verbform kan ikkje dukke opp to gonger i same rad, kolonne eller område.
  • Elevane får repetert dei grammatiske formene og vil merkje seg ordbileta etter kvart som dei jobbar seg fram til løysinga.

Du trenger

Noen av tipsene du finner under Innlæring av ord og grammatikk er samlet i et eget hefte.
Heftet inneholder et utdrag av tipsene på nettsiden. 
Ønsker du å motta heftet? Send en bestilling til info@fremmedspraksenteret.no

Publisert 29. jan. 2020 09:11 - Sist endret 11. jan. 2021 10:56