Grammatikk - loop

Elevane får utdelt lappar med eit spørsmål og eit svar av grammatisk art. Men spørsmålet og svaret på lappen høyrer ikkje saman. Kven har rett svar til rett spørsmål? Finn ut av det i loopen.

Tidsbruk

5 minutt

Forslag til gjennomføring

  • Læraren førebur lappar med spørsmål og svar (sjå mal), til dømes faktaspørsmål av typen «Kven har forma av verbet å vere i 1. person eintal», omsetjing med grammatiske strukturar som skal øvast på, eller lukeoppgåver. Det skal vere eitt spørsmål og eitt svar på kvar lapp. Ein av lappane fungerer som startkort.
  • Læraren deler ut lappane, og eleven som har startkortet, begynner. Han/ho stiller spørsmålet sitt ut i klasserommet. Dei andre elevane må følgje godt med. Den av elevane som har det rette svaret på lappen, seier frå, les svaret høgt og stiller så spørsmålet sitt til klassen.
  • Slik blir spørsmål/svar-aktiviteten driven vidare som ei «sløyfe» gjennom rommet. Heilt til slutt endar loopen med svaret til eleven som starta aktiviteten – og ringen er slutta.

Dersom det er for få eller for mange lappar, kan elevane dele på ein lapp eller få utdelt fleire lappar.

Du trenger

Utfylt mal

 

Noen av tipsene du finner under Innlæring av ord og grammatikk er samlet i et eget hefte.
Heftet inneholder et utdrag av tipsene på nettsiden. 
Ønsker du å motta heftet? Send en bestilling til info@fremmedspraksenteret.no

Publisert 28. jan. 2020 13:08 - Sist endret 11. jan. 2021 10:56