Komparasjon

Elevane blir utstyrte med bilete og samanliknar og gradbøyer adjektiv i formene positiv og komparativ/superlativ.

Tidsbruk

10-15 minutt

Forslag til gjennomføring

  • Læraren finn bilete som illustrerer til dømes stor og større, ung og yngre, høg og høgare eller smal og smalare.
  • Elevane dannar to sirklar utanpå kvarandre (som ein «smoltring»), og elevane i den indre og den ytre sirkelen står med ansiktet mot kvarandre. Dersom talet på elevar er eit oddetal, deltek læraren òg.
  • Alle får eit bilete. Dei to som står overfor kvarandre, må ha bilete av det «same» adjektivet.
  • Dei i den indre sirkelen seier adjektivet i positiv form, til dømes «Huset mitt er stort».
  • Dei i den ytre sirkelen svarer med adjektivet i komparativ eller superlativ form, til dømes «Men huset mitt er større/størst».
  • På signal frå læraren gir alle frå seg biletet til sidemannen (med klokka) og gjentek prosedyren med eit nytt bilete. Aktiviteten held fram til alle bileta har teke runden.

Noen av tipsene du finner under Innlæring av ord og grammatikk er samlet i et eget hefte.
Heftet inneholder et utdrag av tipsene på nettsiden. 
Ønsker du å motta heftet? Send en bestilling til info@fremmedspraksenteret.no

Publisert 29. jan. 2020 09:41 - Sist endret 11. jan. 2021 10:57