Kongen befaler

I denne aktiviteten skal ikkje elevane nødvendigvis gjere det dei blir bedde om, i alle fall ikkje dersom dei vil vinne. Med denne aktiviteten øver dei på imperativ av verb gjennom å gi og ta imot ordrar.

Tidsbruk

10 minutt

Forslag til gjennomføring

  • Læraren (eller ein elev) står framfor klassen. Han/ho skal seie ei setning i imperativ (eventuelt ved hjelp av eit manus). Elevane i klassen skal reagere i tråd med reglane:
    • − Dersom setninga begynner med «Kongen befaler» på målspråket (FR: «Jacques a dit» / SP: «Simon dice» / TY: «Simon sagt»), skal elevane gjere ordren som følgjer, til dømes «Kongen befaler hopp! / klapp på skuldra di! / gå til vindauget! / rekk opp den venstre handa! / sei talet «100» på målspråket.
    • − Dersom setninga berre er ein ordre, utan innleiinga «Kongen befaler», skal ikkje elevane utføre ordren, men bli ståande heilt i ro.
  • Dei som beveger seg på feil tidspunkt, kan framleis delta i leiken dersom dei utfører ei ekstra utfordring rett. Dei kan til dømes bli bedde om å bøye eit verb, telje til 10 på målspråket eller gjenta ordren i negativ form.
Publisert 29. jan. 2020 09:22 - Sist endret 15. des. 2020 15:38