Kortstikk med verb

I denne varianten av kortspelet «Hopp i havet» skal elevane innarbeide personbøying av verb på ein leikprega måte.

Tidsbruk

15-20 minutter

Forslag til gjennomføring

  • Læraren lagar eit kortspel etter prinsippet som er vist i illustrasjonen. Det skal vere seks kort per kategori (= 1.–3. person eintal og fleirtal) og seks forskjellige kategoriar (= seks ulike verb). Kvart kort har ei setning med eit verb som skal bøyast etter eit oppgitt pronomen. Illustrasjonen viser eit spelkort på norsk, men det er òg mogleg å lage kort på målspråket (då lagt til rette som ei lukeoppgåve og ikkje omsetjing).

  • Del elevane inn i grupper på to til fire. Kvar gruppe får eit fullstendig sett av kortspelet.
  • Kvar elev trekkjer sju kort. Resten av korta skal leggjast opp ned på bordet. Dette er trekkbunken.
  • Elev A startar og bestemmer seg for kva kategori frå handa han/ho vil ha fleire kort av, og kven han/ho skal spørje (elev B).
  • Elev A dannar setninga nedst på kortet ved å bøye verbet med eit av pronomena han/ho ikkje har sjølv.
  • - Dersom elev B har kortet med det etterspurde pronomenet og verbet på, må han/ho gi det frå seg. Elev A kan då halde fram med å spørje.
  • - Dersom elev B derimot ikkje har det etterspurde kortet, må elev A ta eit kort frå trekkbunken, og turen går vidare til nestemann.
  • - Dersom elev A ikkje klarer å bøye verbet rett, kan elev B få kortet dersom han/ho klarer å bøye verbet rett med det valde pronomenet.
  • Når ein spelar har klart å samle alle seks korta frå den same kategorien, har han/ho eit stikk. Stikket skal leggjast på bordet framfor spelaren.
  • Spelet er slutt når trekkbunken er tom, eller når ein av elevane har gått tom for kort. Den eleven som har flest stikk, vinn spelet.

Du trenger

Spelekort (sjå illustrasjon)

Publisert 28. jan. 2020 13:56 - Sist endret 26. okt. 2020 10:47