Kryss linja!

Elevane tek stilling til grammatiske påstandar ved å hoppe til den eine eller andre sida av ei linje.

Tidsbruk

5 minutt

Forslag til gjennomføring

  • Læraren klargjer eit sett grammatiske påstandar med to svaralternativ (sant/usant). Jo høgare nivå, desto meir komplekse kan påstandane vere.

  • Elevane stiller seg midt på ei tenkt eller markert linje som går på tvers av klasserommet. Læraren informerer om at området til høgre for linja står for «sant», og området til venstre for «usant».
  • Læraren seier ein av påstandane høgt, og elevane vurderer om det som blir påstått, er sant eller usant, og plasserer seg i tråd med det. Etter å ha valt side blir elevane oppmoda om å forklare valet sitt.
  • Når elevane er ferdige med å diskutere om påstanden stemmer eller ikkje, går dei tilbake til midt på linja og er dermed klare for neste påstand.
  • Aktiviteten held fram på same måten til læraren har lese opp alle påstandane.
Publisert 28. jan. 2020 13:13 - Sist endret 26. okt. 2020 10:48