Kven skal ut

Elevane skal tenkje kritisk og vurdere kva som ikkje høyrer heime i ei samling ord/omgrep.

Tidsbruk

10 minutt

Forslag til gjennomføring

  • Læraren lagar grammatikkoppgåver med fire ord/omgrep i kvar oppgåve. Tre av orda/omgrepa har noko felles, mens eitt ord/omgrep ikkje har den same fellesnemnaren som dei andre:

    • - SENG — BORD — SOVE — STOL (3 substantiv + 1 verb)
    • - SYNGJE — GJEKK — SPELE — SYMJE (3 infinitivsformer + 1 preteritumsform)
    • - VAKKER — ET — DRIKK — BETALER (3 verb i presens + 1 adjektiv)
    • - EG — DU — VI — MEG (3 personlege pronomen i subjektsform + 1 personleg pronomen i objektsform)
  • Oppgåvene kan visast på lerret for felles oppgåveløysing i plenum, eller elevane kan få utdelt oppgåvearka og løyse dei i par.
Publisert 28. jan. 2020 13:22 - Sist endret 26. okt. 2020 10:49