Omsetjingsekspertar

Elevane skal ta på seg omsetjarrolla og konkurrere mot kvarandre i å vere raskast til å omsetje bestemte strukturar frå norsk til målspråket. Korrekturen skal gjerast i plenum.

Tidsbruk

10 - 15 minutt

Forslag til gjennomføring

  • Læraren tenkjer på grammatiske strukturar han/ho vil at elevane skal trene på. På eit ark skriv han/ho nokre setningar på norsk som inneheld desse strukturane.
  • Klassen dannar tre grupper. Tavla blir delt inn i tre felt, og kvar gruppe får tildelt eit felt. Læraren forklarer at han/ho vil seie ei setning på norsk som elevane så skal omsetje til målspråket, men sidan dette er ein konkurranse, må dei tenkje fort!
  • Læraren seier den første setninga. Elevane i kvar gruppe blir einige om korleis dei vil uttrykkje setninga på målspråket. Deretter fortar éin frå kvar gruppe seg til tavla og skriv omsetjinga der. Læraren ventar til alle tre har skrive ferdig forslaga sine. For kvar setning som er rett og raskast omsett, blir det eitt poeng til laget som foreslo omsetjinga. Dersom ingen av setningane er rett omsette, får ingen poeng. Aktiviteten held fram på same måten heilt til alle setningane er omsette. Laget med flest poeng vinn.

Reglar:

− Når ein elev skriv forslaget sitt på tavla, kan han/ho ikkje lenger få hjelp av resten av gruppa.
− Eleven som går opp til tavla, får ikkje ha med seg notat, men må notere ut frå det han/ho hugsar og kan.
− Den same eleven kan ikkje gå opp til tavla meir enn éin gong.

Publisert 28. jan. 2020 13:30 - Sist endret 26. okt. 2020 10:54