Ordklassekategorisering

I denne aktiviteten er målet å sjå nærmare på ord og grammatikk innanfor eit tema. Elevane plukkar teksten frå kvarandre og samlar orda i ordklassekategoriar, til dømes substantiv, verb og adjektiv.

Tidsbruk:

15–30 minutt

Forslag til gjennomføring:

  • Klassen ramsar opp forskjellige ordklassekategoriar og vel ut fire av dei, til dømes substantiv, verb, adjektiv og preposisjonar. Dei kan òg kategorisere etter kjønn eller fleirtal ved substantiv, regelrette og uregelrette verb, osv.
  • Elevane lagar ein tabell der kvar kolonne er ein ordklassekategori.
  • Læraren deler ut ein tekst til elevane. Teksten kan vere kjend eller ukjend.
  • Elevane får i oppgåve å gå gjennom teksten og finne ord som høyrer til dei valde kategoriane. Dei skriv orda inn i dei rette kolonnane i tabellen.
  • Når elevane har funne mellom fem og ti ord per kategori, går klassen gjennom forslaga i plenum. Læraren utfordrar elevane til å finne nokre felles kjenneteikn for orda i same kategori og forklarer eventuelt grammatiske reglar og unntak.

Tilpasning:

Aktiviteten kan gjøres i motsatt rekkefølge slik at læreren gir elevene utvalgte ord fra en tekst som de skal oversette og koble til riktig ordklasse. Deretter kan de få den fullstendige teksten og eventuelt finne flere eksempler fra hver ordklasse.

Publisert 29. jan. 2020 14:37 - Sist endret 14. des. 2020 08:23