Preposisjonshinderløype

Klasserommet blir gjort om til ei hinderløype. Elevane instruerer kvarandre ved å bruke stadspreposisjonar.

Tidsbruk

15 minutt

Forslag til gjennomføring

  • Elevane jobbar saman to og to og skriv ned alle stadspreposisjonane dei kjem på, til dømes framfor, mellom, mot, under og over.
  • Elevparet lagar ei hinderløype som illustrerer tydinga av fem preposisjonar. Dei skriv ned instruksjonar som viser korleis ein skal gjennomføre hinderløypa ved å bruke preposisjonane frå lista i rett rekkjefølgje.
  • To elevpar møtest og instruerer kvarandre hinder for hinder.
  • Dei gjennomfører kvarandre si hinderløype, og laget får eitt poeng for kvart rett gjennomførte hinder.
  • Laget som har flest poeng når tida er ute, vinn.

Tilpasning:

Læreren kan forberede elevene på aktiviteten ved å velge ut noen preposisjoner og demonstrere disse fysisk for elevene, som blir delt i to lag. Læreren sier en preposisjon høyt, og den første eleven fra hvert lag skal vise hva preposisjonen betyr. Den eleven som klarer det først og riktig skaffer et poeng til sitt lag. 

Publisert 29. jan. 2020 14:23 - Sist endret 15. des. 2020 14:23