Senke skip

Elevane må bøye verb rett for å senke skipet til motspelaren.

Tidsbruk:

15–30 minutt

Forslag til gjennomføring:

  • Elevane går saman to og to. Saman vel dei ut tolv verb dei skal øve seg på å bøye i ei bestemt tid.
  • Læraren deler ut eit ark med eit rutenett med seks gonger tolv ruter til kvar elev. Dei øvste vassrette rutene frå éin til seks svarer til dei personlege pronomena (A1 = 1. person eintal, A2 = 2. person eintal, A3 = 3. person eintal, A4 = 1. person fleirtal, A5 = 2. person fleirtal, A6 = 3. person fleirtal). Dei tolv verba skal skrivast inn ved sida av dei tolv loddrette rutene heilt til venstre. Dei skal stå i infinitiv.
  • Elevane plasserer tre skip i rutenettet ved å fargeleggje tre samanhengande ruter horisontalt eller vertikalt. Dei to motstandarane skal ikkje sjå kvarandre sine ark. • Målet er å finne ut kvar skipa til motspelaren er plasserte.
  • Elev A vel koordinatane til ei rute og bøyer verbet etter pronomenet.
  • Dersom bøyinga er rett, sjekkar elev B denne ruta i rutenettet sitt og gir beskjed om ho er tom, eller om ho er fargelagd. Dersom ho er fargelagd, representerer ho ein del av eit skip.
  • Dersom elev A får beskjed om at ruta representerer ein del av eit skip, set han eller ho eit kryss i ruta. Dersom ho ikkje gjer det, er det lurt å markere ruta med ein prikk, slik at ein ikkje spør om den same ruta fleire gonger.
  • Vinnaren er den eleven som har funne flest skip når tida er ute.

Tilpasning

Publisert 28. jan. 2020 14:11 - Sist endret 11. des. 2020 16:02