Tidsbruk
15 minutt
Forslag til gjennomføring
- Elevane blir delte inn i grupper. Kvar gruppe bestemmer seg for ei setning som illustrerer ein ordstillingsregel på framandspråket, til dømes plasseringa av adjektiv i ei stadfestande setning eller verb i eit spørsmål.
- Kvart setningsledd blir skrive ned på ein plakat med stor og feit skrift.
- Etterpå samlar læraren inn arka med ledd som utgjer ei setning, og deler dei ut til ei av dei andre gruppene. Kvar gruppe får beskjed om å lage setninga ved å stille seg i rett rekkjefølgje med ansiktet og arket mot resten av klassen.
- Elevane blir utfordra til å fortelje kva for eit setningsledd dei er, og forklare kvifor dei står der dei står (ordstilling).
Tilpassing:
Det går an å jobbe meir med grammatikk ved å byte ut eller leggje til elevar/plakatar (setningsledd), slik at setninga endrar tid, kjønn eller tal. Klassen kan bli utfordra til å diskutere kva endringane gjer med resten av setninga.