Sikksakk

I denne aktiviteten testar ein lagringskapasiteten til elevane i samband med konkrete grammatiske moment (her: laust samansette verb for tysk og verb med preposisjonar for fransk og spansk).

Tidsbruk

10 minutt

Forslag til gjennomføring

  • Klassen blir delt i to grupper. Kvar gruppe får eit sett klistrelappar med laust samansette verb (for tysk) og verb med preposisjonar (for fransk og spansk).
  • Kvar elev klistrar ein lapp på brystet.
  • Elevane får nokre minutt til å studere lappane til dei andre. Målet er å hugse flest mogleg verb og kunne knyte dei til person.
  • Deretter dannar kvar av gruppene ein sirkel og fjernar lappane frå brystet. Éin elev står i midten av sirkelen, peiker på ein annan elev og vel éin av følgjande instruksar:
    • «Sikk»: Vedkommande skal seie verbet til eleven som står til høgre for seg.
    • «Sakk»: Vedkommande skal seie verbet til eleven som står til venstre for seg.
    • «Sikksakk»: Alle byter plass, også eleven som står i midten.
  • Slik held elevane fram til læraren meiner at mange nok har fått prøve seg.
  • Aktiviteten kan avsluttast med at elevane skriv ei setning for kvart verb. Setningane kan korrigerast i plenum.
Publisert 29. jan. 2020 14:24 - Sist endret 26. okt. 2020 11:03