Sirkelen utfordrar

Adjektiv fargar språket. I denne aktiviteten øver elevane på å gradbøye adjektiv med fleire stavingar. Utfordringa ligg i å finne passande adjektiv og lage setningar der subjekt- og verbalforma samsvarer. Øvinga er inspirert av Ur, Penny. Grammar Practice Activities. 1998. Cambridge University Press. Circle comparisons.

Tidsbruk

10-15 minutt

Forslag til gjennomføring

Komparativsirkel

  • Læraren skriv åtte substantiv i ein sirkel. Det bør vere ein tematisk samanheng mellom orda, som gjerne kan vere henta frå tekstar som elevane arbeider med.

  • Læraren viser sirkelen på lerret. For å samanlikne to objekt/omgrep bruker vi komparativ form, og for å samanlikne fleire enn to må vi bruke superlativ form. Oppgåva går ut på å finne to substantiv som kan samanliknast, til dømes «Iskrem er meir feitande enn jogurt» eller «Ein edderkopp er eklare enn ein katt». Marker samanlikninga ved å trekkje ei pil mellom dei to orda. Klassen held så fram med å lage så mange setningar dei kan, heilt til det er eit mylder av linjer som kryssar kvarandre.
  • Som ei ekstra øving kan læraren til slutt peike på ei linje og be om setninga som linja representerer. Etter kvart som elevane svarer, tek læraren linja bort, og til slutt er alle linjene fjerna.

Superlativsirkel

  • Elevane skal no gradbøye adjektiv ved å bruke superlativ. Her samanliknar dei eit substantiv med alle objekta/omgrepa i sirkelen, noko som krev at ein har inngåande kjennskap til kvalitetane til substantiva.
  • Substantiva blir fordelte i sirkeloppsett (sjå illustrasjon). Læraren deler ut sirkelen til elevane.
  • Elevane skal for kvart substantiv finne ut kva for eigenskap det har som overgår dei andre orda i sirkelen, og vise dette ved å lage setningar som «Fisk er rikast på protein» eller «Løver er det mest usedvanlege rovdyret». Når dei har brukt eit substantiv, set dei ein ring rundt det. Klarer dei å lage fleire setningar med det same ordet, set dei nye ringar rundt. Kva for eit ord får flest ringar?
  • Summer opp og diskuter resultatet i klassen til slutt.

Øvingane kan tilpassast ulike språknivå gjennom val av ord i sirklane eller ved at elevane får oppgitt eit utval adjektiv. Når det gjeld superlativsirkelen, kan ein snakke på førehand om kva eigenskapar som er særeigne for orda i sirkelen.

Du trenger

Sirklar med åtte adjektiv

Publisert 29. jan. 2020 14:14 - Sist endret 26. okt. 2020 11:05