Sorteringsspel

Denne aktiviteten gjer på ein leikande måte elevane bevisste på kva kjønn substantiv har.

Tidsbruk

15 minutt

Forslag til gjennomføring

  • Læraren lagar fire kort med 24 forskjellige ord. Kvart kort inneheld seks ord. Orda på to av korta er ei liste med berre hokjønnsord, lista på dei to andre korta inneheld berre hankjønnsord (andre emne er òg mogleg, til dømes substantiv/verb, form på adjektiv etter kjønn/tal eller regelrette/uregelrette verb).
  • Læraren skriv orda som er representerte på korta, på lappar, slik at det står eitt ord per lapp.
  • Læraren går igjennom reglane for å bestemme kjønn og kjem med nokre døme.
  • Elevane dannar grupper på fire personar.
  • Kvar elev får utdelt eit kort, og lappane blir spreidde utover på bordet opp ned.
  • Elevane lærer orda frå kortet dei har fått, utanåt. Så gir dei kortet til sidemannen, som er ansvarleg for å sjekke innhaldet i løpet av spelet.
  • Etter tur trekkjer elevane ein lapp.
    • - Dersom eleven meiner at ordet står på lista, skal han/ho lage ei setning med ordet. Eleven får kortet dersom alt stemmer, og då går turen til nestemann.
    • - Dersom eleven tek feil eller seier noko feil, legg han/ho lappen tilbake og må stå over neste runde.
    • - Dersom eleven veit at ordet ikkje står på lista, legg han/ho kortet tilbake, og så går turen til nestemann.
  • Målet er å vere den første som samlar dei seks lappane med ord frå eige kort.
Publisert 29. jan. 2020 09:29 - Sist endret 26. okt. 2020 11:06